torsdag 24. desember 2009

278) Mark. 9, 17-29.

Ei vantru slekt.

Mark. 9, 17-29.

.

Her møter me ei vantru slekt, ein far og hjelpelause læresveinar. Dette er så likt oss. Men til desse menneska er det ein allmektig frelsar kjem med si hjelp.

.

1. Verda

er vantru og syndig. Ho er fiende av den levande Gud. Dette vil auka fram mot endetida. Ho er som eit opprørt hav og let seg driva ikring. Jesus seier til folket: Du vantruande ætt! Kor lenge skal eg vera hjå dykk? Kor lenge lyt eg tola dykk? V. 19. Jesus har vore så lenge hjå folket og gjort så mange under, at nå burde dei tru at han kunne gjera meir, også denne gongen.

.

Er det ikkje likt til alle tider? Dei vantruande trur ikkje på Gud, og mange meiner han ikkje ein gong eksisterer. Difor er han også utafor deira liv, dei reknar ikkje med han til dagleg, og trur difor at dei slepp å stå til ansvar for han – om han skulle vera til. Dei trur dei kan vera trygge også i døden.

.

Her reknar dei så i miss. Men deira meining er tufta på ei tru, men trua er det dei sjølv meiner må vera rett. Og når alt er konsentrert om dei sjølve, blir det feil i høve til Gud. For ingen av oss har rette tankar om han. Dei må me henta frå Skrifta. Der har han sagt frå kven han er og kva han vil med oss.

.

2. Læresveinane

var hjelpelause. Dei var ikkje i stand til å hjelpa den stumme, v. 18. Dei hadde prøvd, men alt var til fånyttes. Slik var det fleire gonger. Og slik er det med oss. Me må læra at det er noko berre Gud kan, og det viser at me skal vera audmjuke. Me har ingen ting å rosa oss av.

.

Me ser lite frukt i livet vårt og av tenesta for Gud. Er det normalt, tenkjer me gjerne. Spørsmålet kjem ofte til ein arbeidar i Guds rike: Er tida for vekking slutt nå? Svaret må vera nei. Gud vil ikkje at nokon skal gå fortapt, som Peter skriv. 2. Pet. 3, 9. Så lenge det er sant, vil Guds Ande arbeida for å berga sjeler. ,

.

3. Ein fortvila far

kjem nå fram. På Jesu spørsmål fortel han om guten. Guten hadde vore slik heile livet. Den vonde ånda kasta han i eld og vatn og prøvde å drepa han. Eit fortvila rop stig opp til Jesus: Om du kan gjera noko! Han hadde ei tru på det, men tvilen låg på lur.

.

Jesus er hans siste utveg: Ha medynk med oss, hjelp han. Om du formår, stod det i ein gamal bibel. Den svake trua hang truleg saman med at læresveinane stod rådlause. Kanskje Jesus kunne gjera det dei ikkje makta.

.

4. Ein allmektig frelsar.

Jesu svar gjeld trua. Om du kan tru! Har du tillit til meg? Meiner du at eg kan hjelpa og berga han? Då er alle vegar opne. Ingen ting er umogleg for dei som trur. Det var svære ord for ein tvilande far med ein sjuk gut. Er det verkeleg slik?

.

Eg trur, sa han. Og straks kjem ei stråle med tvil: Hjelp mi vantru. Det var noko i han som strei imot. Han kunne liksom ikkje sleppa seg heilt ut på djupt vatn. Det er her du må hjelpa meg, Jesus frå Nasaret! Dette sinnelaget vart berginga for guten. Faren var nå så audmjuk og stille at han tok imot hjelp. Det er rett veg.

.

Jesus var myndig nå. Han brukte si allmakt. Og den ligg i Jesu tale og ord. Han truga, tala og baud ånda fara ut. Her gjorde ikkje Jesus noko spesielt. Han tala berre. Og hans ord har slik makt og mynde med seg at til og med djevlane må røma. Dei sleit i guten, men Frelsaren sigra. Jesus reiste han opp som ein fri og frisk mann.

.

Det er det han vil gjera med og for oss. Lat oss ikkje grava oss ned i vantrua og tvil, men ropa av full hals: Hjelp mi vantru, for eg har tru på deg og tillit til di makt. Du er jo Guds eigen Son.

Amen.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar