mandag 14. desember 2009

237) Joh. 1, 40-47.

DEI FØRSTE KRISTNE.
Joh. 1, 40-47.
.
Har du undra deg nokon gong over korleis dei aller første kristne levde? Var dei annleis enn oss, eller hadde die noko som me ikkje har nå?
.

Det er berre ein måte å få svar på det: sjå kva Bibelen fortel om dei. Og i dette avsnittet finn me fleire sider ved desse første disiplane. Sjølv om ikkje alt i gamal tid kan høve for oss, har me i alle høve noko her som er likt og skal vere det til alle tider.
.

Det var ein stor dag ved Jordanelva. Etterat døyparen hadde tala om lammet, kom 5 menn og ville fylgja Jesus. Eit nytt liv tok til - dei fekk liksom starta om att. Og kven vil ikkje det? Me har visst alle så mykje å gløyma av synd og svik og ugjort i livet. Den som kunne gløyme fortida, setje ein strek over alt og få "blanke ark" og ein ny dag!
Kva hende her ved elva, og kvifor vart det slik ein stor dag for desse?
Det er fleire svar på det.

.
1) Først: dei møtte Jesus.

Dei ikkje berre høyrde om han, men fekk møte han personleg. Dei høyrde forkynninga hans, trudde og kom. Og det er nett dette møte med Jesus som gjer at me kan gløyma det som ligg bak, som Paulus skriv. Fil. 3, 14. I Ordet les me at Gud sjølv vil gløyma vår fortida og synd, Jes. 38, 17. Han kastar det bak sin rygg og ser det aldri meir. Kan me tenkja oss noko større enn det? Han tilgjev og gløymer synda når me kjem og vedkjenner oss den og bed om nåde. Vissa om det løyser oss og set oss inn i ein ny fridom. Eit møte med Jesus skaper eit nytt liv for oss og i oss der Kristus lever i meg, Gal. 2, 20. Trua har ei slik omskapande makt.

.
2) Då fekk dei eit vitnemål.

Det første desse kristne sa når dei møtte vener, var: me har funne Messias, v. 42. Dei måtte fortelja andre om møtet med Jesus og kva han fekk å seia for dei.
Det er typisk for dei nyfrelste som opplever ei radikal omvending. Jesus vert det største og dei syng med hjarta: Han tok min tunge byrde, han stilnet stormens jag, det kostet Jesu dyre blod å frelse meg en dag.
.

Me er ikkje alle like og kan ikkje vere like i alt. Måten me vitnar på kan variera etter kva type menneske me er. Dette er likevel felles for alle truande: me har eit vitnemål i oss. me fekk noko nytt i møte med Frelsaren.
.

Å vitna tyder ikkje at me skal halda små preiker. Det er å fortelja korleis me vart kristne og kva denne trua tyder for oss. Framhaldet av vitnemålet er og at me fortel korleis me lever med Gud og kva han gjev dag for dag. For mange kristne vert ofte då vitnemålet kva me ser i Guds ord og kva me har opplevd i samlivet med han.
.

Den som trur på Guds Son har vitnemålet i seg sjølv, skriv Johannes. 1. Joh. 5, 10-11. Og me ser korleis Paulus vitna to gonger for retten og fortalde om korleis han møtte Jesus. Apg. 22 og 26.
.

Har du eit vitnemål om Jesus? Det vil vere avhengig av om du stadig får nye møter med Han. Det er då vitnemålet vert skapt.
.

3) Dei fekk nød for sine.

I møte med Jesus vart det skapt ein kjedereaksjon i den første tida. Dei nye kristne fekk omsut for andre menneske: dei måtte og få møta Frelsaren. Det vart om å gjera å visa dei til Jesus.
Slik er det og i vår vekkjing og oppleving av frelse. Det vert tend ein gneiste i oss: andre må bli frelst. Eg trur det er eit normalt trekk ved ein kristne. Korleis kan me leva godt med Gud og nyta fruktene av frelsa når me veit at mange, mange aldri vil få det?
.

Paulus kjende denne nauda. Han skriv så sterkt som vel mogeleg i Rom. 9-10 om korleis han tenkjer om frendane sine, jødefolket. Han har ei stor sorg, ei naud som aldri tek ende og ei hjerteleg bøn: dei må verta frelste. Ja, han kunne ynskja at han sjølv var fortapt - forbanna bort frå Kristus - om det kunne hjelpa dei.
.

Ingen kan ha ei større naud for ufrelste enn det Paulus syner her. Det er som om han set sitt eige liv i pant om det kunne frelsa nokon.
Korleis er det med oss? Kva er du mest oppteken med når det gjeld framtida for borna dine? Og slekta elles og naboane? Er det timeleg velvære eller ein plass i himmelen. Her må me setja oss ned i dag og tenkja: korleis prioriterar me? Er det dette livet som tel mest, eller arbeider me for æva.
.

Det siste krev tårer. Salme 126, 5-6 fortel at det er dei som sår med gråt som får hausta med fryderop. Skal tru om me ber så få kornbann i hus avdi me gret så lite. Er det ikkje tid for eit "gråtemøte" mellom Guds folk nå? Med denne gråt meiner me sjeleleg angst og kamp i bønerommet for at folk må bli omvende.

.
4) Dei møtte tvilarar.

Kan det kome noko godt frå Nasaret? spurde sume. Kan denne Jesus ha noko å gje meg i vår moderne tid, spør andre i dag.
.

Tvilarar har det vore støtt. Nokre av dei leikar med tvilen og vil tvila. Andre er ærlege. Dei er verkeleg komne i tvil om kva kristendom er og treng sakleg hjelp til å finna fram. Er du ein av dei, vil eg få seie at det fins ein veg ut or tvilen. Då Natanael viste tvilstankar, sa Filip: Kom og sjå. Prøv sjølv.

.

Eit menneske kan eigentleg ikkje overtyda nokon om dette. Me må sjølv møta Frelsaren og la han overtyda oss. Jesus sa det same slik: Vil nokon gjera etter hans vilje, skal han få røyna om læra er frå Gud. Joh. 7, 17. Det er god medisin. Og i Joh. 4, 42 seier folk i Samaria til kvinna: No trur me ikkje lenger for skuld det du har tala, for me har sjølve høyrt han, og veit no for visst at han er den som skal frelsa verda.
.

Ta Gud på ordet. Det er vegen for tvilaren.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar