mandag 14. desember 2009

236) Joh. 2, 1-11.

.

MIN TIME.
Joh. 2, 1-11.
.

Bryllaupet i Kana i Galilea var det første offentlege underet han gjorde. Det var innleiinga til hans verksemd. Her viste han kor allmektig han var - at natura var lagd under hans makt.
Då mora meinte han burde gripa inn - ho skjøna han var annleis enn folk flest, sa han desse orda: Mi tid er ikkje endå komen.

.
Lat oss berre stansa ganske kort ved dette ordet her. Jesus har ei tid for alt. Me kan nok meine at tida ikkje er rett. Men her gjeld det Guds klokke og ikkje vår.
.

1) Jesus kom.

Var Jesu kome for seint i soga? Det hadde gått mange år for Israel og i verdssoga. Skapinga låg langt attende i tida, og verda var full av synd og vondskap av alle slag. Israels folk leid urett under Romarriket, og dei fleste folk visste ikkje om den sanne Gud.
Kom han i seinaste laget? Folk vil nok meine det. Guds klokke viste likevel rett tid. Då tida var fullkomen, kom han, seier Paulus inspirert av Gud. Gal. 4, 4. Han kom til fastsett tid, Rom. 5, 6. Gud hadde oversynet og fann det rette tidspunktet. Julenatta låg alt vel tilrette. Guds Son kunne stiga inn i tida.

.
2) Jesus stod fram.

Han var ikring tretti år før han tok til med si verksemd. Og det var her han gjorde det første teikn. Han skulle først vere vaksen etter jødisk tanke. Nå var hans tid komen. Hans verksemd var på fleire måtar: Han skulle forkynne Guds ord om hans rike, Mat. 4, 17. Då lydde ein bodskap om omvending og tru. Han lækte sjuke der han kom, Mat. 9, 35. Det gjorde han for å hjelpa folk, ikkje for å skapa blest om seg sjølv eller sensasjon. Og han har same kraft i dag. Vidare lærde han folk og held lange talar om kva Guds rike var. Han skulle læra sine vener opp i Guds råd og gjera dei skikka for deira arbeid. Han tala om sin eigen død og kva den tydde og om dei siste dagar av vår tid. Me får aldri nok kunnskap om dei heilage ting.
.

3) Han skulle døy.

Arbeidsdagen var slutt for han, Joh. 9, 4. Han fekk berre ikring 3 år. Var ikkje det for kort tid? Han som kunne gjera så mykje godt, skulle han ikkje brukt eit langt liv til gode gjerningar?
Her kom Jesu tid tidlegare enn folk fleste tenkte. Og det peikar på det som var hans eigentlege gjerning: krossen. Kort før sa han: Timen er komen, Joh. 17, 1. Målet hans var heile tida Golgata. Sluttsteinen i byggverket var Joh. 19, 30: Det er fullført. Tida var komen til å sona verda si synd. Synde-skulda vart betalt med hans blod.
.

4) Han skal kome att.

Han sa det ofte. Dei som trur skal hentast heim i skya. Dei som ikkje trur, som er ulydige, skal dømast til æveleg straff. Me tenkjer kanskje at han dryger i lengste laget. Kvifor kjem han ikkje snart? Her er så mykje vondt på jord, også mellom dei kristne. Kvifor kjem ikkje han som "alle verdens floker løse kan"?
Han har nok oversynet her og. Ein dag vil det lyda: Timen for hausten er komen. Op. 14, 15.
.

5) Tid for misjon.

I mellomtida, før han kjem att, har han bede sine vener vinna nye

.læresveinar på jord. Mat. 28, 18-20. Så lenge det er nådetid er det tid for misjon. Men det kjem ei tid då det skal lyda: Det skal ikkje lenger vera noko tid. Op. 10, 6. Då kallar han tenarane heim att. Den siste er vunnen for Guds rike.
Er me trufaste her?
.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar