mandag 14. desember 2009

235) Joh. 3, 1-15.

FØDD TIL NYTT LIV
Joh. 3, 1-15.

.
Kan ikkje Guds rike Guds rike sameinast med tanke og fornuft? Er dei så motsette at dei nærast er to rike?

.
Etter Jesu samtale med Nikodemus er det klårt nok: Nikodemus sine lærde tankar stemmer ikkje med det Jesu vil. Likevel vart dette eit viktig møte for han. Han fekk sjå noko den seine kvelden som ingen hadde lært han før. Han fekk liv i Gud og vart eit nytt menneske. Jesus heldt ein av sine finaste talar, sjølv om han berre hadde ein tilhøyrar. Skal me stansa litt ved det som hende då:
.

1) Kven var Nikodemus?

Svaret på det spørsmålet viser oss kven som treng å bli frelst. Han er nok representant for mange og i vår tid.

.

Me får først vite at han var ein farisear. Det tyder at han var lærd og kunne Det gamle testamente. Han visste mykje om Guds veg og vilje, om profetiane og korleis Gud hadde ført folket sitt i farne tider. Han seier i v. 2: Me veit at du er ein lærar. Og i v. 10 vart han kalla Israels lærar. Som farisear levde han og eit fint moralsk liv. Og korkje kunnskap eller moral er galt. Som farisear bygde han si tru og sitt liv nett på sitt eige liv og sin kunnskap. Dei trudde på Guds miskunn og hjelp, men dei la stor vekt på det dei sjølve kunne gjera, slik Jesus fortel i Mat. 23. Og når noko kjem i tillegg til Guds frelse, vert alt galt. Slike fine menneske treng ein ny fødsel, seier Jesus.
.

Nikodemus var og rådsherre. det tyder at han hadde ein høg stilling i samfunnet og i Guds rike. Han var akta høgt av folk, og var som ein stortings-mann og medlem i høgsterett på ein gong. Han hadde liksom nådd toppen på den tida. Her får me eit døme på at det ikkje er nok.
Nikodemus kom til Jesus. Det viser at han hadde spørsmål han ikkje fann svar på og var ein søkjande åndeleg sett. Han var litt utradisjonell ved at han kom om natta. Berre denne eine gongen møter me dette. Og kvifor gjorde han det?

.
Kan det vere at Nikodemus var feig? Det syner seg ofte at menn som elles er frimodige vert forsakte i personlege, åndelege spørsmål. Han var som sagt ein fin mann og kunne ha grunn til å vere redd folket. For alle var slett ikkje glad i Jesus. Otte for menneske fører i snara, seier Ordet (Ordtøke 29, 25).
.

Eller var det åndeleg nød i hjarta til Nikodemus? Hadde han høyrt Jesus tala om dagen, og det var blitt om å gjera for han å få tala ut om si sjelesak? Me har mange døme på at det hender. Det viktigaste var likevel at han kom. Tida spelar ingen rolle her. Og møte denne natta endra Nikodemus heilt.

.
2) Jesu krav.

Korleis møtte Jesus denne fine mannen? Det seier litt om korleis han møter alle som kjem.
Han møter han med eit krav: du må fødast på ny. Det er uttrykk for å bli ein kristen. Og det kravet er absolutt. Ingen kan sjå Guds rike utan. Det tyder ei total nybyrjing. Omvendinga er å snu, gå den motsette vegen. Du må ta til i 1. klasse, læra å gå på ny, ja, bli som eit nyfødd barn. Det er ikkje tale om reformasjon eller forbetring av det gamle, men om ei nyskaping.
Det må skje ved Den heilage Ande. Det er Guds gjerning og ikkje vår. I v. 3 står eit ord som kan tyda: fødd ovafrå. Dette kravet er likt for alle: utan at noko vert fødd... Den nye fødselen er porten inn i Guds rike. Alle må inn der for å leve på den smale vegen. "En lærdoms form er ikke nok, nytt liv er det som kreves," syng me.

.
3) Kvifor er det naudsynleg?
Den eine grunnen er synd. Me er fødde i synd og er vonde av natur. Det som er fødd av kjøtet, er kjøt, v. 6. Ordet "kjøt" (gr. sarks) er uttrykk for den falne og vonde menneskenatura. Den er så vond at den kan ikkje reformerast eller forbetrast. Sjølve hjarta er vondt sjølv om det ikkje får utslag i vonde gjerningar. Sjå, eg er fødd i misgjerning, seier David. Salme 51, 7. Og i 1. Mos. 8, 21 står det: menneske-hjarta emnar berre på vondt alt ifrå ungdomen. På grunn av denne arvesynda er det m.a. at den lutherske kyrkja lærer barnedåp: dei små må og fødast om att.

.
Men Jesus seier meir: me syndar i gjerning, og me vil synda. Så vond er natura. "Det kjøtet trår etter, er fiendskap mot Gud - for det vil ikkje lyda Guds lov, kan det heller ikkje" (Rom. 8, 7). Me er altså gudfiendske tvers gjennom og må skapast om eller fødast på ny. 2. Kor. 5, 17.
.

Når Bibelen skriv om vår vonde natur slik, er det sjølvsagt om vårt tilhøve til Gud. Mange ufrelste menneske kan gjera mykje godt mellom menneske og som er nyttig for andre. Men framfor Gud gjeld aldri noko av det.
.

4) Korleis skjer denne frelsa?

Det er då spørsmålet for den søkjande Nikodemus og for oss, v. 9. Legg nå merke til at Nikodemus vert taus etter dette spørsmålet i v. 9. For når det er tale om å verta frelst, vert me tause. Me har ingen ting å seia der og kan ingen ting.
.

To ting kan peika på: først er det klårt frå samtalen at frelsa ikkje er av oss. Sjølve den passive uttrykks-måten syner det: me må bli fødd på nytt. Og biletet fortel det same: barnet kan ikkje gjera noko for å bli fødd. Alt skjer utafor babyen.
.

Ble min iver aldri matt, gråt jeg både dag og natt, syndens flekker er dog der, kun i deg min frelse er.
.

Men Jesus kan! Då han skulle forklara den nye fødsel, peika han på seg sjølv. Han minna dei om ei hending i Israel som alle jødar kjende godt. Då ormen beit folket, ville dei døy. Men eit einaste blikk på koparslangen var nok. Den som såg, vart frisk, v. 14. - Slik er det å bli frelst. Jesus skulle og lytast opp - og då profeterte han om krossen. Der skulle han lida domen for oss og sona all skuld.
.

"Den nye fødsel skjer," seier Skovgaard-Petersen, "ved at vi ydmykt bekjenner våre synder (og omvender oss), og derved blir skikket til å motta den nye, livsskapende kraft fra Gud. Slik måtte Nikodemus forstå det."
.

"Gjenfødelsen skjer ved Guds Ånd, men Åndens kilder springer på korset, hvor Jesus tilintetgjorde det store skyld-brevet, og bak korset står atter Gud Faders evige kjærlighet til verden."

.
Den som trur på den Jesus som døydde på Golgata, er fri si syndegjeld og frelst. Det skal ikkje meir til. Jesu gjerning er så sterk at ei enkel og barnleg tru på han, føder deg på nytt og skapar deg om til eit Guds barn. Trua er ikkje ei gjerning eller ein prestasjon. Det er ei tom hand. Eller som Pascal seier: Trua er ei gåve frå Gud.
.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar