torsdag 3. desember 2009

223) Joh. 12, 20-24.

Kveitekornet.

Joh. 12, 20-24.

.

Det var nokre greske proselyttar som kom for å tilbe. Dei meinte det truleg alvorleg med religionen. Dei hadde nok høyrt om Jesus, og kom nå for å sjå han og møta han. Då gjekk dei til Jesu vener for å finna svar. Dei måtte jo vita kor han var.

.

Så møtte dei Filip. Det var han som tidlegare hadde leia Natanael til Jesus, Joh. 1, 44-47. Nå gjekk Filip til sin ven Andreas, og begge gjekk til Jesus. Kanskje dei kjende det godt å vera to når nokre utlendingar kom og ville møta Meisteren. Var dei litt utrygge på dette? Jesus var jo jøde, og proselyttane var heidningar som fylgde jødiske skikkar.

.

Jesus svara dei: Menneskesonen skal herleggjerast. Den åndelege sida ved dette er at det er då me ser Jesus. Men før det måtte noko anna henda med Jesus. Det var han som vart likna med kveitekornet nå. Og dersom eit korn skal bera frukt og bli mange, må kornet døy. Det er ein naturlov. Det nye livet kjem gjennom død. Slik er det alltid i åndeverda.

.

Dette er sant på fleire område. Her nemner me litt:

.

1. Jesus er kveitekornet.

Dette er ei viktig sak. Jesus nyttar uttrykket: Sanneleg, sanneleg seier eg dykk. Ordet sanneleg er ”amen” på gresk. Då vil Jesus seia dei: Nå må de høyra godt etter, dette skal de hugsa!

.

Då grekarane spurde etter denne nye kongen, venta dei truleg eit stort kongeleg opptog. Det var vanleg i Romarriket og andre stader. Jesus viser dei noko heilt anna og peikar framover mot krossen. Vegen til herlegdom går gjennom den. Jesus måtte døy, det er hovudsaka.

.

I samtale med Emmausvandrarane seier Jesus: Måtte ikkje Messias lida dette, og så gå inn til sin herlegdom? Luk. 24, 26. Me minnest også Kaifas sine profetord i Joh. 11, 50: Det er til gagn for dykk at eitt menneske døyr for folket. Hvis ikkje han gjorde det, vart han åleine att og ikkje eit einaste menneske vart frelst.

.

Alt avhang altså av Jesu død. Kristendom er Jesu kross og liding og oppstode. Der blir Jesus herleggjort. 1. Kor. 1, 18; Rom. 1, 16. Evangeliet om Jesu død er ei kraft til frelse. Det er ikkje berre ord. Og kvifor er det slik? Jo, fordi Gud var i Kristus og forlikte verda med seg sjølv. 2. Kor. 5, 19. Paulus vitna og for lesarane slik: Kristus vart fattig for dykkar skuld – det er kveitekornet som døyr.

.

Kvar skjer i Jesu død? Joh. 12, 31-32 seier det slik: No fell det dom over denne verda. No skal hovdingen over denne verda kastast ut. Når eg vert lyft opp frå jorda, skal eg dra alle til meg. Noko veldig stort hende på Golgata. Og då kunne det koma frukt av hans liding. Gud seier: ”Difor vil eg gi han mange til del, og sterke skal han få til bytte. Jes. 53, 12. Og ein dag skal Gud vera alt i alle. 1. Kor. 15, 28.

.

Eit døme og bilete på det store som hender då er Op. 7, 9: Sjå, ein stor skare som ingen kunne telja. Dei frelste er som ”tusen bjerge full av sne”. Den første frukta var ein røvar som vart frelst på krossen. Seinare har han fått mange. – Har han fått deg og som løn for sine smerter?

.

2. Vår omvending.

Eg er og eit kveitekorn. Og der skjer den same lova. Eg må døy for å få liv i Gud. Alle tankar om min eigen godleik, kraft og rettferd og freistnad på å verta frelst sjølv, må døy. I ei ekte omvending til Gud, er det dette som skjer.

.

Den fortapte sonen opplevde det. Han kom til denne tanken om seg sjølv: Eg er ikkje lenger verdig å vera son din. Luk. 15, 19. Det er det audmjuke sinn. Det hadde tollaren i templet óg. Gud, ver meg syndar nådig, sa han. Luk. 18, 13. Det var det einaste han kom fram til i møte med Gud. Alt det han hadde i seg sjølv måtte døy. Det skjøna ikkje farisearen.

.

Og Paulus sjølv hadde denne erfaringa: Men eg døydde. Rom. 7, 10. Der folk tenkjer slik, der er Gud. Der gir han frelse og evig liv som ei gåve. Det skjer aldri ved lova eller meg sjølv. Eg må gi opp og døy frå alle eigne gjerningar.

.

3. Mi helging.

Ei side ved helginga er å bera frukt for Gud. Vårt eige menneske vil gjerne gjera så godt det kan her, og me meiner at det skal gå bra. Me vil bera frukt, ynskjer og lengtar etter å bli betre. Og me prøver på eiga hand å gjera mykje. Men det lukkast ikkje. Me føler at me faktisk blir verre og ikkje betre.

.

Kva er då løyndomen?

Me må døy! For all frukt må vera av Gud. Og det tek ofte lang tid før me ser det og bøyer oss. Alle tankar i oss om å gjera noko godt for Gud, må døy. Resultatet er at me gir oss over til Gud og seier som Jesus: Lat viljen din råda.

.

Gud minner oss om noko. Han viser oss gjerningar og legg det til rette, Ef. 2, 10. Då er det ikkje eg som planlegg noko eller vi gjera noko spesielt. Me er berre reiskap i Guds hand. Helginga blir eit verk av Gud. Me går berre i Jesu fotspor.

.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar