mandag 14. desember 2009

239) Joh. 1, 11-13.

JESUS KOM.

1. Joh. 1, 11-13.

Kva ville me seia om me vart utestengde frå vår eigen heim? Døra vart lukka til vår eiga stove og me stod utan nykkel utafor? Mon ikkje det ville vere ei sælsam oppleving. Og nett det opplever Jesus frå Nasaret kvar dag.
I desse små versa finn me tre viktige sider ved Jesus og vårt tilhøve til han. Me kan ikkje vere likesæle eller nøytrale i høve til Jesus Kristus. Me må ta eit standpunkt og gjer det heile livet, sjølv om me ikkje tenkjer over det.
Først: Jesus kom til sine. I første rekke tyder det jødane han var send til. Men me er alle Guds eiegdom på den måten at me er skapt av han. Det tyder ikkje at alle vert frelste, men at Gud har rettmessig krav på oss. Juleevange-liet fortel at Jesus kom til ei syndig jord, og det vart den største hending i soga. Me fekk faktisk ny tidsrekning etter det. Det er eit historisk faktum som ingen kan riva ned.
Og kvifor kom han, kvifor var det så naudsynleg å koma til jord?
Han kom først og fremst for å gi livet sitt for syndarar, Mat. 20, 28. Livet hans vart ein løysepenge for oss. Me vart frikjøpt frå synda og den ævelege domen. Ropet på krossen: Det er fullført kan berga heile slekta frå den ævelege fortaping. Då vart all verda si synd sona og skulda betalt. Det er grunnvollen som står i alle stormar og for Guds truna. Jesus er Ordet som vart kjøt (v. 14) og budde mellom oss.

.
Dinest kom han for å leita etter det som var fortapt og frelsa det, Luk. 19, 10. Han viste det i livet. Då gjekk han ikring og leita etter tollarar og syndarar - og dei tok han seg av. Han fortalde ei fin likning om det i Luk. 15. Både sauen og pengestykke var kome bort, men eigaren leita til han fann det. Og den bortkomne sonen vart teken vel imot då han vende om.
Slik er Jesus i dag og. Han ser etter deg som har synda. Han Ande leitar og han sender tenarar ut for å leita. Nå er han hjå deg som les, og spør med kjærleg røyst: vil du kome nå? Det er kallet frå Jesus til omvending og nytt liv. Han spør ikkje etter kor mykje du føler eller kjenner. Han spør etter om du vil kome og erkjenne di synd og skuld. Då fyrst kan han få frelse deg.
.

Det andre som står her dette: Jesus vart vraka då han kom første gong. Hans eigne tok ikkje imot han, står det. Eit døme på det er sjølve julenatta. Det var ikkje rom for han i herberge, Luk. 2, 7. Mange jødar sa nei til Jesu frelse. Dei leiande og farisearane sa nei. Til slutt overgav dei han til romarane som drap han. Her opplevde Jesus det verste: han vart stengd ute av sine eigne, ja mobba og motarbeidd av dei. Det var ein veg som førde han til krossen, ein av dei sværaste pinselsmåtar på den tida.
.

Det same skjer nok i vår tid og. Me skal ikkje sjå på jødane på den tid som verre enn andre. Er du og eg betre? Har me ikkje prøvd same veg alle saman? Me ville greia oss utan hans hjelp. Mange tek hardt i og seier: eg er ikkje verre enn andre.
.

Kva hjelp er det i slik tale? Me skal møta Gud ein dag - ein for ein. Då har me ingen å gøyma oss bak.
.

Om du kunne leve uten Jesus, hvordan skulle du vel dø en gang?
.
Kva svarar du nå? Han kjem og vil hjelpa og frelsa.
Det siste me skal nemna her: trass i motstand sa nokre ja takk. Nokre tok imot. Dei såg dei trong han og trudde på han. Eigaren av stallen julenatta var ein av dei: han opna for Jesus. Hyrdingane ute på marka sa: lat oss gå like til Betlehem og sjå dette. Falne menn og kvinner fekk kallet - og nokre tok imot!
.

Dei, står det, fekk rett til å verta Guds born. I sitt eige liv hadde dei ingen rett og inga kraft i seg sjølv til å verta det. Synda har øydelagt oss i vår innerste grunn.
.

Her viser Gud si makt. Det me ikkje kan ta oss til eller betale noko for, det vert ei gåve frå Gud. Difor er frelsa av nåde. Heile frelsa vert di når du opnar for Jesus. Du får ein rett du ikkje har avdi me alle har forbrote oss mot Gud. I nokre engelske biblar står at han gjev oss autoritet eller fullmakt til å verta Guds born. Me kan ikkje ta oss til dette eller gjera noko sjølv for å få det. Me må fødast inn i Guds rike. Og då fødest me til same rett og autoritet som Gud sjølv har. Det er han som gjev oss det.
.

Vil du ta imot Jesus nå? Det er det viktigaste steget du tek i livet. Du vert ikkje eit Guds barn ved denne handlinga å ta imot. det er ingen prestasjon som vert kravd av deg. Men du må likevel ta imot gåva frå Gud, slik barnet opnar hendene julekvelden og tek imot pakken. Og pakken er Jesus.
.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar