tirsdag 22. desember 2009

276) Mark. 11, 1-11.


Inn i Jerusalem.

Mark 11, 1-11.

.

Det er Palmesøndag og den stille veka tar til. Men ho vart alt anna enn still for hovudpersonen. Men den viktigaste gjerning i verda skulle henda desse dagane. Det vart likevel eit dramatisk triumftog. Dette er ein av dei gongene Jesus viser seg som Messias. Jo, han er konge, men heilt annleis enn folket tenkte og venta. Fleire ting viser det:

.

1. Ridedyret.

Han skulle bruka ein asenfole som ridedyr inn i byen. Kongar og keisarar brukte hestar til det. Men han skulle nå visa at han var audmjuk og fredsæl. Han kom ikkje med krig og tvang, men som ein rett himmelkonge. Han skulle denne gongen vera den mest audmjuke ”konge” jorda har sett.

.

Profetane hadde sagt det skulle skje slik. Sakarja skriv svært tydeleg om denne dagen i kap. 9, 9. Folket skulle nå ropa med fryd og glede: ”Sjå, kongen din kjem til deg. Rettferdig er han og full av frelse, audmjuk er han og rir på eit esel, på den unge eselfolen.” Jfr. Jes. 62, 11. Og dette gjekk i oppfylling denne dagen. Mat. 21, 4-5. Det skulle oppfyllast, står det. Jesaja kallar og eselet for eit trældyr, som er endå eit teikn på kor liten og audmjuk han var. Folket måtte vel skjøna nå at han var kongen av eit anna slag enn den romerske keisaren?

.

Likevel – asenet vart brukt av kongar, når han kom med fred. Det var i krig dei brukte hest. Asenet vart også brukt til å bera det folk hadde med seg, det som elles ville vera ei børd for dei. Slik vart asenet eit tenestedyr. Alt er gode bilete for oss kristne: Me har Jesus som ein fredskonge i hjarta og han tek alt me slit med og ber på.

.

Me legg merke til eit par detaljar om dette dyret, og læresveinane måtte gjera nøyaktig slik Jesus sa. Det skulle vera eit ubrukt dyr som ikkje noko menneske hadde sete på før. Alt som skulle brukast for Herren, kunne ikkje brukast til noko anna. Det var heilagt, dvs. innvigd til bruk for Gud.

.

2. Løys han.

Då dei fann asenfolen, skulle dei løysa han, sa Jesus. Først då kunne han gå i teneste for Jesus. Det er mange menneske som er bunden av ulike band. Dei som ikkje er frelste, må løysast frå synda og banda til verda og ta imot frelsa av berre nåde. Då kjem dei inn i eit nytt liv med eit heilt anna mål for livet enn før.

.

Me møter og kristne menneske som er bundne. Det kan og vera ulike band. Du har ikkje frimod til å vitna om Gud, og det slit deg i sjela. Kristenlivet og bøna er stengt og du ser ikkje svar på bøner.

.

Det kan truleg vera nokre band som held deg fast. Kan det vera ei skjult og hemmeleg synd? Ho er kanskje gammal, men dukkar opp i minnet nokre gonger. Du har aldri gjort opp denne synda. Du skulle ha bede om tilgjeving og teke på deg di skuld. Kanskje du har gløymt å betala ei gjeld. Du er skuld eit menneske kanskje nokre få kroner. Men dei plagar deg og du får ikkje fred. Korleis kan du vitna om Gud om du har det slik?

.

Det er gjerne noko du har lånt av dei ven, men du har ikkje levert det attende. Kvifor ikkje henta det fram, ta turen bort til han som eig det og gjera opp? Du har kanskje sagt noko usant også, noko som kunne skada ein annan. Det skulle og ”eta i deg” så snart du kan. Det vil alltid liggja som ein stein i sinnet og gjera livet ditt tungt. Du kan heller ikkje tena Gud rett med slike skjulte synder.

.

Herren hadde brukt for dyret, det har han og for deg. Han vil du skal løysast. Han er i stand til det. Gå til han først og sei alt som det er og be om tilgjeving. For all synd er først og fremst mot Gud. Så vil han gi deg mot og kraft og vilje til å gå til folk og be dei om orsaking. Begge delar er viktige og hjartefreden skal koma. Læresveinane gjorde alt slik Jesus hadde sagt. Det gjeld her og.

.

3. Oppfylling av skrifta.

Markus skriv ikkje slik som Matteus ofte gjer, at noko var oppfylling av bibelske profetiar. Men Markus siterer det som folket seier då Jesus rei inn i byen, v. 9-10. Det stemmer så godt med orda i Salme 118, 26. Folket brukar Guds ord når dei skal hylla Jesus som konge.

.

Det seier oss nå to ting: Først at Skriftene vert oppfylte slik Gud hadde tenkt. Alle profetiar blir det. Det er berre eit spørsmål om tid. Me kan ikkje venta at alt skal skje på ein dag når frelsessoga gjeld fleire tusen år. Men oppfyllinga kjem.

.

Det andre er at me skulle bruke Bibelen sine ord meir enn me gjer. Slik folket her siterte Bibelen, slik kan me i song og vitnemål og samtale gjera det same. Det må ikkje bli noko tillaga slik at folk opplever det som uekte. Me skal ikkje slå ikring oss med bibelvers for å imponera eller som endelege argument i ein diskusjon. Men i rette øyeblikk er det som eit utropsteikn.

.

Og Jesus brukte eselfolen. Folket hylla han då han reid opp mot byen. Dei breidde kleda sine på vegen og la greiner framfor han. Den same folkemengda som ropte Hosianna her, kom nokre få dagar seinare til ropa om Jesus: Krossfest han! Stemninga i folket var ikkje å lita på – det er slik nå og.

.

Dette Hosianna-ropet skal koma att i endetida når Jesus kjem som verda sin konge. Han seier i Mat. 23, 39: ”Heretter får det ikkje sjå meg før de seier: Velsigna vere han som kjem i Herrens namn.” Evangeliske kristne har sett på dette både som ein profeti om dom over dei vantru, og i tillegg ein profeti om mange jødar som venda om og tru på Jesus i den siste tida.

.

Guds folk skal ropa når han kjem: Velkomen du velsigna. Det vert ein stund med glede og fryd i Guds namn. Men då var det for seint å venda om av hjarta. Det er den dobbelklangen me kristne alltid må elva med: Somme blir frelst, andre går fortapt av di dei vraka Jesus.

- Ennå er det tid til å koma. Det er ennå rom, men du må koma nå!

Amen.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar