torsdag 17. desember 2009

259) Luk. 10, 39.

Mariaplassen

Luk 10, 39.

.

Jesus var på vandring og kom inn i ein heim i Betania. Søstrene Marta og Maria budde der, og dei var så ulike. Begge hadde nok noko rett. Sjølv om Marta hadde det travelt, måtte det arbeidet også gjerast. Men her skal me sjå mest på Maria. Det er hennar prioritering som var viktig, den plassen ho var på. Det kan me kalla Mariaplassen.

.

I vår travle nåtid kan det vera godt å minnast songen av Lina Sandell: En stille stund med Jesus. Før heitte songen: En liten stund med Jesus. Dette gjeld oss alle. Me kan ikkje få med oss alt her i livet. Me må velja ut noko, ofte kvar dag. Det kallar me prioritering. Me må berre gå forbi eit og anna. Me har lov å seia nokre gonger: Eg har ikkje tid. Eg må vera på Mariaplassen. – Kva er det?

.

1. Først: Syndarplassen.

Så lenge me er her i livet, kjem me aldri bort frå at me er syndarar, også som kristne. Den tanken gjer oss små og audmjuke og skuldige for Gud. På ein måte blir me aldri betre når det gjeld det. For synda er i oss og kring oss og grip inn i våre handlingar. Me gjer Gud imot så mang ein gong.

.

Jesus er ein lækjar. I Mat. 13, 15 seier han: så eg kan få lækja dei. Han kallar synda sjukdom og brukar rett namn på synd. Jesus pyntar aldri på synda og får ho til å sjå skuldlaus ut. Synd er synd, utan omsyn til kva me seier. Det gjeld Mammon, havesjuke, sladder, æresjuke og mykje anna. Det er som kreft som et om seg og stel krafta vår.

.

Syndarplassen er å erkjenna synda. Då kan Gud ta bort skuld og dom. Når kniven skjer i kroppen vår, vert det smerte og vondt. Det kan til og med bli tale om ein amputasjon.

.

I denne vonde prosessen med syndserkjenning ligg også syndstilgjevinga. Ei bok av Rosenius heiter: ”I syndsforlatelsens rike”. Johannes skriv i 1. Joh 1, 9: Dersom me sannar syndene våre, er han trufast og rettferdig så han forlet oss syndene… Det er ein god plass å vera.

.

Har du vore der? Ein song seier: Å, synder som tankeløst ferdes på jord…. Du må koma nå, erkjenna synda og be om nåde. Då blir syndarplassen ein nådeplass.

.

2. Dinest: Maria høyrde Guds ord.

Ho sette seg ved Jesu føter og høyrde kva Jesus ville seia. Jesus var Ordet, og han forkynte ordet. Der må me vera ofte. Der høyrer me om frelsa, om nåden, om trøyst og tryggleik og om himmelen. Vil du berre ta imot Guds ord, vil du aldri bli ferdig med det. Det har så utruleg mykje å seia oss.

.

Kong Salomo sa til Herren då han vart konge. Då Herren synte seg for han i Gibea, fekk han dette tilbodet: Bed om det du vil eg skal gje deg! 1. Kong. 3, 5. Kva svara han då? Jo, i v. 9 kjem det: Så gjev no tenaren din eit høyrsamt hjarta… Han visste at Gud kunne gi han vegleiing for tru og liv. Bibelen er mat og levereglar og frelsessoge m.m. Ordet er vårt kompas.

.

Ta deg mykje tid til å vera stille, lese og be og granska i Ordet. Og då må me vera viljuge til å høyra og ta imot alt, både dei gode orda me dagleg treng, og formaningar og refs for synda vår.

.

I Mat 7,24 seier Jesus til slutt i bergpreika: Den som høyrer desse orda og gjer etter dei, han er like ein mann som byggjer huset sitt på fjell. Og Paulus skriv til kolossarane 3, 16: Lat Kristi ord få rikeleg rom hjå dykk. – Mariaplassen er ein stad der Guds ord lyder mykje. Du slit ut biblar der.

.

3. Det er også bøneplassen.

I Guds rike er det slik at me får lov å be. Det er ikkje slik som i nokre religionar at det er ei plikt. Her er det eit privilegium. Tenk, ein stor syndar får tala med den heilage Gud. Pontoppidan kallar bøna: ”Å tala einfaldig med Gud i hjarta sitt.” Her treng me ikkje fagre og høgtidsame ord. Her kan me seia det slik det er.

.

a) Her kan me tala om alt. Og det er godt for trøytte syndarar. I sorg og motgnag, i glede og når me har problem. I mørke og tunge dagar så vel som i lyse. Då gjeld det som Tr. Bjerkrheim skreiv: ”Det er makt i de follede hender, i seg selv er de svake og små. Men mot Allmaktens Gud de seg vender, han har lovet at svar skal du få!” Du har vel ikkje gløymt det?

.

b) Her kan me be for andre. Me kjenner nokre ufrelste, og me veit om dei mange heidningane. Me har slekt som lever i synd og naboar som ikkje bryr seg om Guds rike og frelse. Dei får me lov å leggja fram for Den Einaste sanne Gud. Paulus skriv slik: Legg alle ting fram for Gud i bøn, Fil. 4, 6.

.

Bøna er det viktigaste arbeidet i Guds rike. Du har vel ikkje tapt trua på bøn, og meiner ditt arbeid og organisering er viktigare? Merk deg det nå: Vår aktivitet kan aldri erstatta Mariaplassen. – ”Ta tid til å bede, søk stillhet og ro….” Me får aldri tid. Me må ta tid. Maria let noko anna liggja, og ho meinte nok at Marta burde ha gjort det same. Men det sa ho ikkje noko om. Ho hadde nok med Frelsaren. Då gløymer me alt det andre.

.

Her må Guds folk vera mykje nå. Det er løysinga.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar