lørdag 12. desember 2009

231) Joh. 6, 1-15.

Brødunderet.

Joh. 6, 1-15.

.

Dette kan me kalla ”brødkapitlet” i Bibelen. Ordet ”brød” er nemnt 20 gonger. Denne gongen er me ved Gennesaretsjøen, og det er den andre påske i hans offentlege liv. Han har berre veit år att før han skal døy. Og denne gongen gir han mat til 5000, og me finn dette omtala i alle fire evangelia. Det har læresveinane lagt merke til og fortalt vidare.

.

Mykje folk hadde samla seg. Alle er interessert i under og teikn. Det gjer dagen noko annleis enn alle dei andre grå dagane. Nå var Jesus populær. Her viste han si store makt og kraft. Det kom ikkje alltid til å vera slik, men her er han den store mannen etter folkemeininga. Men dagen var nok ikkje over før det endra seg.

.

Kva talar dette avsnittet om for oss?

.

1. Jesu under.

Slike gjerningar av Jesus viser at Gud er med han og er nær han. Og det viser at Gud arbeidde mellom folket nå. Under hadde nok hendt før, men det var ikkje daglegdags for dei fleste. Om slike ting går det ofte rykte kring i landet. Og det fører til at nye kjem og vil oppleva noko spesielt. Der mange samlast, vil fleire vera med. Det er eit kjent fenomen også i vår tid.

.

Men dette var spesielt, dei må ha skjøna at Gud var nær dei denne stunda. Og Gud har ei merkeleg dragande makt på folk. Det ser me óg i dag.

.

2. Jesu omsut.

Jesus gjekk ikring i landet og gjorde vel mot alle han møtte. Han hadde stor omsorg for folket. Det ser me her om det reint jordiske, v. 5. Mykje folk hadde samla seg her på den andre sida av sjøen. Skulle dei vera her ei tid, trong dei mat. Han såg folket og skjøna kva dei trong. Nå ville han hjelpa dei. Det var naturleg for Guds Son.

.

Men her ligg også noko anna. I Mat. 9, 36ff har me ei anna hending i hans liv. Då reiste han kring i alle landsbyane og tala Guds ord og lækte dei sjuke. Då står det: Då han såg folket, tykte han hjarteleg synd i dei. Då var det ikkje lekamleg mat dei mangla. Nei, han såg dei mangla evangeliet. Nå trong dei óg sjeleføde og ikkje berre brød. Det er guddomssynet til Jesus som viser det. Difor måtte han forkynna evangeliet, og ikkje berre lækja dei sjuke, v. 35.

.

3. Jesu prøve.

I denne stunda vil han prøva læresveinane sine, v. 6. Jesus visste sjølv kva som skulle til, men det skjøna ikkje venene hans. Nå skulle han læra dei noko. Då må han ofte testa oss, slik at me ser inn i vårt eige hjarta om me har trua på Gud.

.

Jesus ser nok korleis det står til med oss. Men gjer me det? Og har me dette sinn som vil hjelpa og berga så mange som råd? Difor handlar dette stykket i Skrifta like mykje om oss kristne og læresveinar, som om verda som treng Jesus.

.

4. Jesu metode.

Det særmerkte ved Jesus her er at han brukte det som var lite for å gjera noko stort, v. 7. Filip meinte det ikkje var nok mat til alle, og det hadde han rett i menneskeleg sett. Og Andreas seier: Kva er det til så mange? V. 9. Dette er naturlege tankar som alle mennesker ville tenkt. Her handlar det óg om vantru.

.

Dei kjende ikkje Jesus rett ennå. Dei gjekk i skule hjå han, men hadde mykje meir å læra. Om me kjenner han dårleg, vil me óg tenkja menneskeleg. Dei hadde ein nistepakke med seg, og dei trong 5000!

.

Me ville sagt: Det går ikkje. Du må senda dei heim att før det er for seint. Og det er nett det Lukas skriv når han fortel soga, Luk. 9, 12. Dei var på ein øyde stad der det ikkje var mat nok.

.

5. Jesu ansvar.

Då læresveinane hadde sett at dei ikkje kunne gjera noko, var det Jesus tok over ansvaret for folket, v. 10. Det var eigentleg dramatisk. Eit under måtte til – og det fekk dei oppleva. Det var ei openberring av Guds tanke og makt.

.

Korleis hende det?

.

Jesus ba! Han takka, v. 11. Han spurde ikkje om Gud ville gjera noko eller kunne skaffa mat til så mange. Han visste svaret. Difor kunne han berre takka – og så delte han ut av det brødet dei hadde. Då skjedde det. Maten voks i hendene hans etter som han ga det vidare. Alle må ha sett dette. Dei som stod nærast såg det først, og så gjekk ordet om underet vidare bortover hjå folket. Alle ville nå ha – og dei ville sjå.

.

Det vart nok til alle. Underet var tydeleg. Det som er lite, blir stort i Jesu hender.

.

Slik er nåde og frelsa. Det er nok til alle, og det er eit under. Men me må først sjå at me ikkje kan gjera noko sjølv. Det kallar Bibelen å bli fattig, Mat. 5, 3. Det er berre dei som ber om hjelp.

.

- Eit fint og lærerikt trekk ved Jesus er at han tok vare på alt som var att. Det hadde auka etter måltidet og. Dei hadde byrja med fem byggbrød og to småfiskar. Alle 5000 hadde ete seg mette. Og endå var det 12 korger att med mat. Det måtte dei samla inn og ta med seg. Det viser kor nøysam han var. Det ville han lære dei, slik me treng å læra i ei tid med overflod av alt.

.

- Men folket?

Dei fleste tenkte framleis jordisk. Da dei såg underet, ville dei ta han med makt og gjera han til konge. Israel var okkupert av romarane, og mange lengta nok etter politisk og nasjonal fridom. Då låg tanken nær: Her er mannen. Han kan gjera oss fri ved eit under. Han vil me samla oss om.

.

Men Jesus hadde ein annan plan. Han ville berga vår sjel. Då måtte me blir fri synda og ikkje romarane. Det er framleis planen hans.

.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar