lørdag 12. desember 2009

230. Joh. 7, 37-39.

Om nokon tørstar
Johs 7, 37-39.

.

I desse orda av Jesus finn me nokre store ord som framleis er gyldige.
.
1. Her er ei stor innbyding.
Kven som helst kan koma, han set ingen grense for oss. Om nokon tørstar – det er føresetnaden. Og dei som tørstar etter rettferd, er sæle, sa han ein gong. Mat. 5, 6. Kva er så din tørst og lengsel i livet?
.
a) Nokre tørstar etter mykje nøye og lått og løye. Det er liksom eit mål og dei lever for det overflatiske i livet.
b) Andre strevar og lengtar etter rikdom. Det gjeld å få mest mogleg av mest alt. Bibelen kallar det ”havesjuke”. Men kva gagnar det eit menneske om han vinn alt i denne verda – om han skader sjela si? Mark. 8, 36.
c) Somme ser også makt som eit mål og ein trong. Dei søkjer makt i arbeidet sitt, politikken og til og med i kyrkja og tenesta for Gud.
.
d) Guds evige svar er: Kom til Jesus! Det er ikkje spørsmål om å melda seg inn i ein organisasjon eller ei ny kyrkje. Og det er ikkje tale om arbeid i Guds rike eller å gjera ein ”innsats” for Gud, som somme seier. Svaret er: Kom til Jesus som ein syndar med heile ditt liv, og be om nåde. Ta imot Jesus Johs 1,12.
.
2. Då får du ein stor lovnad: Du får drikka.
Her tyder det: å bli tilfredsstilt. Du får alt det du innerst inne søkjer etter. Og kva er det?
Det viktigaste for oss menneske er å ha det rett med Gud! Du må ha billett til himmelen, elles blir alt anna i livet nyttelaust og fåfengt.
.
Og det skjer ved å gjera opp di sak med Gud. Det tyder å leggja synda og livet fram for altsjåande Gud og seia: Her er livet mitt, eg har synda mot deg i alt – er det frelse for meg?
.
Og frå himmelen lyder då songen: På krossen på Golgata betalte Guds Son for all di synd med blodet sitt. Han vart ei soning for dine synder så vel som for alle andre sine. Nå kan han reisa deg frå alt og tilgje og gjera deg til eit Guds barn.
.
Dette er Anden sitt arbeid med oss. Johs 16, 8-9. Først vil han visa oss synda i tankar, gjerning og ord. Og dinest viser han oss blodet som er nok for oss. Guds ord fortel at då får du forlating for syndene – og då er du frelst. Luther skriv i katekisma: Der det er forlating for synd, der er liv og sæle. Slik opplever me som trur dette.
.
3. Då får du ei stor gåve.
Du får nok frelse til deg sjølv, og du får meir enn nok av alt. Det blir noko til overs for andre. Det tyder ikkje at du kan ta noko av di frelse og gi til andre. Men det tyder at då får vitna om frelsa for andre og seia: Der er nok for deg og.
.
Jesus metta mange tusen menneske av nokre få brødstykke og eit par fiskar, Mark. 8. Då alle var mette, sa Jesus dei skulle samla saman alle smulane. Då viste det seg at det var meir att enn det dei hadde starta med.
.
Frå ditt liv skal det renna straumar av levande vatn, sa han. Det kjem frå vårt indre. Det er der frelsa er, ikkje i ytre gjerningar og eit fint liv – sjølv om det og er nyttig og godt.
.
Lever du stadig i Guds ord og tar til deg av det, vil det flyta noko ut til andre. Du får eit vitnemål og høve til å hjelpa andre i naud. Det levande vatnet er frelsa i Kristus. Jesus sa dette om den Anden han skulle gje dei. Og Anden er nett komen for å leia oss til Jesus og visa oss frelsa i han. Det er Anden som verkar på deg når du kjenner deg syndig og urein i ditt indre. Og det er Han som minner deg om blodet og Jesus og krossen på Golgata.
.
Slik er fornyinga óg – den same vegen som til frelse. Det handlar heile tida om den store gåva me har i Jesus. Lat oss takka for den.

.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar