tirsdag 15. desember 2009

245) Luk. 19, 40-44.

Det siste kall.
Luk. 19,40-44.
.

Det er Palmesøndag – og Jesus er på veg mot Jerusalem. Det er siste gong han dreg denne vegen, og han veit han skal døy. Hans store mål og oppgåve var å frelsa folket. Heile livet var det målet. Han gjorde alt han kunne for å berga dei.

.
Korleis tok dei imot han? Reagerte dei på kjærleiken hans? Jesus visste alt på førehand. Det måtte gå slik.
- Tre ting står det om Jesus her. I dette siste møtet.
.
1. Jesus gråt.,41.

Berre tre gonger står det om han i Bibelen:
- v/ Lasarus si grav Joh. 11,35. Det erBibelens minste vers, og likevel så talande.
- i Getsemane. Heb.5,7: med sterkt skrik og tårer..
- v/ Jerusalem, i desse versa. På gresk er her brukt ordet klaiå, som tyder hulkegråt. Ser du han står utafor byen og gret og hulkar. Det viser Jesu nød og kjærleik. Han leid med sitt folk.
For dei forkasta han - Messias.

.
Dette var ein sorgens dag, ein tragedie. Palmesøndag var ikkje berre palmer og hyllingsrop.
Gud lova Messias - prof. sa det - folket sa nei.
- Nå gret Jesus over oss, over dei sløve kristne, og over alle verdslege, over heidningar og kanskje over deg?

.
- Då Jesus kom nær byen - og såg han. Då hende noko. Han ser alt, avslører dei og viser korleis hjarta er. Slik er det med oss óg. Jo meir me har Jesu sinn, jo meir gret me over synda og dei vantruande.

.
Paulus gjorde det, Rom 9,1;10,1. Eg har ei stor sorg, seier han der. Og det er at hans eige folk ikkje vil tru på Jesus.
Me treng eit gråtande kristenfolk, slik profeten gret over sitt folk. Jerem.9,1. Då må me kanskje gråta mest over oss sjølve først. Der er det ofte kaldt. Men me må heller ikkje gløyma dei fortapte, dei som er utafor.
.
2. Jesus gir ny anledning.

I v. 42 seier han: På denne din dag. Det er dagen når kallet møter folket. Israel hadde fått det mange gonger, både ved profetane og ved Jesus Messias. Tross i dette, nekta mange av dei han og forakta kallet og valde sin eigen veg. Jesus kjem her med eit siste kall til Jerusalem. Det viser Jesu kjærleik og tolmod. Det var ikkje for seint – dei fekk ein siste anledning.

.
Nå er det slik i folket vårt óg. Noreg kan endå omvenda seg. Me har hatt mange gode høve til å gå Guds veg. Kanksje får me nå eit siste kall. Det gjeld Noreg som folk, og det gjeld den einskilde av oss.

.
Nå kjem kallet til deg. Veit du det?

.
Kva tener til din fred? Det gjeld spørsmålet: korleis får eg fred med Gud? Og det tyder å få det rett med Gud. Korlesi skal eit menneske få det?

.
Her er berre eit svar og ein veg: Kom til Jesus! Gjer opp di sak med han.
Du har hatt mange anledningar. Brukte du dei rett? I Op. 2,21 les me: Eg ga henne tid til å omvenda seg. Det er sagt om Jesabel. Men ho vende seg til avgudane og vraka Guds kall.

.
Me kan med rette syngja: ”Norske mann i hus og hytte, takk din store Gud.” Eller som det står i ein annan song: ”
.

Akk, skulle du deg dertil lade tigge,

det gjelder jo ditt eget sjeletarv.

Det er så hårdt i helvede å ligge,

det er så godt å tage himlens arv.
.

Det er fortalt om ein skulegut som kom til skulen første dag i gamle dagar. Han fekk eit blekkhus og penn. Nå skulle han freista å skriva. Men det lukkast ikkje. Han sølte og fekk ein stor flekk med blekk i boka si. Læraren såg det, og tårene på kinnet hans då det mislukkast. Han ser på guten og kviskrar til han: Du skal få ein ny bok og byrja på nytt!

.

Slik er det med oss også. Jesus kjem og seier så stilt til oss: Du skal få koma endå ein gong, og få ei ny bok. Det er nådekallet. Vil du ta imot det? Det har ofte vore godt for meg. Eg har hatt bruk for ei ny bok mange gonger.

.

3. Kva skjer til slutt?

Til Jerusalem tala Jesus dom! v.43f. Det kjem dagar, seier han, då dei skal kasta ein voll om deg, kringsetja deg og trengja deg frå alle kantar. Ja, det går så ille at det ikkje meir skal vera att stein på stein i deg.

.

Slik gjekk det bokstaveleg med byen i år 70 e. Kr. Romarane kringsette byen og øydela templet. Byen heilt rasert, pløydde over tempeltomta. Seinare i år 135 e. Kr. ved Barkokba jamna dei alt med jorda, og ga byen eit nytt namn, Aelia Capitolina. På arabisk heiter byen nå Al-Quds. Alle kunne sjå at Jesu ord gjekk i oppfylling. Det går alltid slik når Gud har tala.
.
Her skjedde dette av di folket aldri blir ferdige med Gud om dei seier nei. Men det skjøna ikkje folket då. Tenk om dei hadde gjort det! Gud er ikkje ein salsagent, som du avviser høfleg og alt like godt. Han er Herre, og det tyder at han eig deg. Han vil krevja oss alle til rekneskap.
.

Dommen kom av di dei ikkje forstod at det var nødvendig å søkja Jesus. Jesus gret ikkje over byen av av hevn, men av kjærlighet. Jesus ville frelsa byen og folket denne siste dagen. Men dei ville ikkje.
.

Songaren syng slik:

Når høsten er endt og vår sommer forbi,

når preken og bønn er ei mer;

når håpet for evig er ute fordi

vår frelser ei innbyder mer.

Ja, nå høsten er endt og vår sommer forbi,

å, er du da med til Jerusalems fred,

der livssolen aldri går ned?

.
Jes. 55,6 seier så alvorleg: Søk Herren medan han er å finna, kalla på han den stund han er nær!

.
Når dommen kjem, er nådetida slutt.
Forstår du det? Forstår Norge det nå?
.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar