torsdag 17. desember 2009

260) Luk. 9, 57-62.

Skikka for Guds rike.

Luk. 9, 57-62.

.

Her møter me tre som har kontakt med Jesus, og der Jesus krev alt av dei.. Det er vel med tanke på dette at Bjørnsom skreiv i si tid ”Over Ævne”. Det var slik han opplevde kristendommen i siste del av livet sitt. Og få ein menneskeleg synsstad er det over evne. Jfr. Kol. 1, 12.

Lat oss stansa for nokre sanningar her:

.

1. Ingen ER skikka.

Det er sant nok at alle er skapt skikka for Guds rike. Det seier ”skapingsteologien” klårt nok. Adam og Eva var fullkomne i hagen. Gud såg at alt var svært godt. Hadde me berre vore slik dei var! Då hadde jorda vore eit paradis.

.

Det mange gløymer her er det skræmande syndefallet i 1. Mos 3. Her er Bibelen som vanleg klår: Då kom alle menneske bort frå Gud. Me er alle fødde etter syndefallet og har med det syndegifta i oss. Då vart det ei uoverstigeleg kløft mellom oss og Gud. Ingen kan gå over den.

.

I tillegg er det slik at alle menneske syndar sjølv i handling, tankar og ord. Og det skjer kvar dag. Rom. 3, 23. Synda er alltid først og fremst mot Gud, og difor er det ei forbryting mot han å synda. Me syndar nok ulikt i konkret meining. Synda gir seg ulike utslag i livet vårt, grove og stygge eller meir fine og tilsynelatande uskuldige. Og all synd fører til sist til dom og den æveleg død, Rom. 6, 23.

.

Det er vanskeleg for eit moderne menneske å akseptera at han er ein syndar for Gud, og synda fører til ein grufull dom. Men det er naudsynleg å kjenna seg sjølv på rett måte, og det gjer me berre ved å sjå kva Bibelen seier om oss. Då får me syndarstemplet på oss.

.

2. Ingen kan GJERA seg skikka.

Det er kjent at alle menneske har prøvd å gjera nett dette. Religionane handlar om å bli slik at med kjem til Gud etter døden. Og du gjer folk mykje, - gode gjerningar, bøner, pilegrimsreiser osv. Heidningane har eit svært strev med dette, det kan mange misjonærar fortelja om, særleg dei som kom først til eit område med berre fedredyrking og anna.

.

Nokre trur at dei har lukkast med det. Dei meiner for alvor at dei er gode nok og har gjort alt dei kan for å ble betre. Bibelen kallar dei hyklarar og farisearar, for dei har ikkje lukkast etter Guds mål og standard. Ein kan og seia det slik: Dei har ikkje prøvd nok.

.

For Bibelen er klår: Ingen kan det. Jo meir alvorleg du tek dette, jo meir ser det kor umogeleg det er for eit menneske. Når det tek Guds ord på alvor og går hans veg, får du nok ein lukka munn og står skuldig for Gud. Rom. 3, 19. Jeremias seier: Kan ein morian skifta om si hud, eller ein leopard sine flerre, Jer 13:23. Nei, seier Gud – og då kan heller ikkje me bli sanne kristne på eiga rekning. Det er godt om me ser det i tide.

.

3. Jesus kan.

Evangeliet er nett dette: Jesus kan gjera oss skikka. Han sette oss i stand, seier Paulus, Kol. 1, 12. Han har gjort oss truande skikka, og det hender slik:

.

Jesus døydde for oss. Då er me på Golgata og ser krossen hans. Der døydde han i vår stad, for det var me som fortente døden. Han var Guds offerlam for vår skuld, Joh 1, 29 og 1. Pet 2:24. Det var naudsynleg at ein tok straffa og slik oppfylte også det kravet frå gud. Då opna han veg til det stengde paradiset og sjølve himmelen. Muren mellom oss og Gud er borte. Det går ei bru over den botnlause kløfta mellom oss. Det er krossen.

.

Det er også slik at kvar einskild av oss må få tilgjeving for den synda me gjorde, bli fødde på nytt til eit evig liv og bli reinsa får ureinskapen ved synda. Det skjer ved å ta imot det Jesus er og gjorde. Den ferdige frelsa må bli mi, elles går eg fortapt sjølv om alt er ordna hjå Gud. Sjå desse orda om det: 1. Joh 1, 7 og 9; Ef 1, 7. – Då er du skikka.

.

Han tek også vare på oss og varar oss gjennom heile livet til me står ved døra inn til himmelen. Det har han gjeve lovnad om. Joh 10, 28.

Legg her merke til det Jesus seier om dei som kjem heim:

v. 58: Dei er viljuge til å ta kostnadane ved å vera kristne.

v. 60: Dei bryt med alt i verda, til og med slekta om det er naudsynleg.

v. 62: Dei seier farvel til fortida og ser framover på Guds vegar. Kona til Lot gjorde ikkje det – og tapte.

Tak berre eit omsyn: Fylg kallet frå Gud. Lat Jesus styra livet. Kom straks – nå – for å bli skikka for himmelen.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar