fredag 18. desember 2009

263) Luk. 6, 46-49.

Huset på fjell.
Luk. 6, 46-49.

.

Denne likninga finn me og i Mat. 7, 22ff. Men det er ein skilnad på desse to likningane som fortel oss noko viktig. Dei motseier ikkje kvarandre, men den eine utfylller heller den andre. Hjå Matteus står det at huset stod i stormen av di det var tufta på fjell. Grunnen var altså viktig. Lukas legg til eit par andre grunnar.
.
Bakgrunnen er at somme var truande i munnen, men ikkje i livet og kvardagen. Då vert det uekte, v. 46. Nå talar Jesus til læresveinane om ekte kristne, slike som vil stå i domen.
.
Dei kjem til Jesus, v. 47. Han er frelsar og ingen annan. Me må koma til han om det skal gå oss vel. "Du kjem ikkje utanom Jesus, om inn du til livet vil gå." Slik syng me med sanning.
.
Dinest høyrer dei Jesu ord. Å høyra Guds ord er sentralt i Bibelen. For han er frelsar og har frelsesord til folket. Ingen kan bli frelst utan å høyra Ordet frå Gud, og her er det særleg Jesu forkynning det gjeld. Det er ikkje lova sine ord og krav han talar om. Dei har han oppfylt i vår stad. Her er det evangeliet som er Guds salige og frelsande ord.
.
Å høyra innebær og i bibelsk språk å ta imot Ordet. Det er ikkje ei teoretisk opplæring Jesus held på med. Det er ord som gjeld livet vårt. Difor kjem nå neste punkt - der det stranda for så mange:
.
Gjer me etter Guds ord? Det er det sentrale her. Og hovudsaka i Jesu evangelium er trua på han og den soningsdød som han snart skulle gjennom. Spørsmålet er om me tek imot ordet og bøyer oss for det. Trur me på Jesus og fylgjer han gjennom livet, eller er kristendommen berre ei lære for oss?
.
Korleis er dei som "gjer" etter Ordet?
.
1. Huset var godt bygt. V. 48.
Jesus talar altså ikkje berre om grunnvollen og fjellet der huset står. Han talar om bygginga. Det var solig materiale. Her skal me merka oss at sjølve bygginga var eit verk av Gud. Det er han som må gjera det.
.
Bygginga gjeld livet vårt. Er det i Guds vilje? Me kan ikkje seia at me trur på Gud - og deretter leva etter våre lyster slik kjøtet vårt vil. Det er hykleri. Livet vårt skal vera i samsvar med det Gud seier. I dag ser me mange døme på at folk vil sjølv avgjera kva som er rett for dei. Dei vil ikkje høyra på formaning om rett og galt korkje i tru eller lære.
.
Det er ikkje eit godt hus. Det vil falla i stormen.
.
2. Mannen grov djupt ned.
Dette er og spesielt i dette avsnittet. Det var nok sand på overflata der han ville byggja. Men han visste det ikkje var godt nok. Difor gjorde han eit ekstra arbeid og grov nedover i sanden og jorda - til han møtte fjellgrunnen. Der la han grunnmuren.
.
Kva tyder dette? Det er mykje overflatisk kristendom i vår tid - som det truleg har vore før og. Dei lever på kjensler og eigne tankar. Og det rasar snart saman.
.
Det er berre ein stad me kan leggja ein trygg grunnmur for tru og liv. Det er i Guds ord. Alt i trua må vera forankra der. Salmisten seier i det lengste kapitlet i Bibelen: "Gjer mine steg faste ved ditt ord," Salme 119, 133. Då blir huset godt bygt - eller som Gunnes omset det: forsvarleg bygt. Det vert ståande i alle stormar - også i domen.
.
Det alvorlege spørsmålet i denne stunda er dette: Har du grove deg ned i Ordet, lese deg til tryggleik og visse i truslivet ditt? Det kan du gjera nå i dag. Finn fram Bibelen - og grav i den.
-

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar