mandag 14. desember 2009

238) Joh. 1, 29.

GUDS LAM.
Joh. 1, 29.
.
Som ung gut fekk eg fylgja far til byen. Det var rett etter krigen og kongen skulle koma. Der stod me i første rekkje ut mot gata, og den strame kong Håkon gjekk ein armlengde forbi meg. Det synet gløymde aldri ungguten.
.

Døyparen Johannes hadde ei svær oppleving ein dag. Aldri før hadde han sett noko slikt. Slektningen hans Jesus oppe frå Nasaret kom gåande. Då såg han med Guds augo: her var Messias, det offerlammet som skulle slaktast for heile verda.
.

Dette vart ein ny og ugløymande dag for Johannes frå fjellbygda. Han retta ut handa og peika på han. Orda kom frå Guds hjarta: Sjå der - der er Guds lam som tek bort verda si synd. I dette ordet forkynte Johannes tre store bibelske sanningar den dagen ved Jordan. Me vil minna om det her.
.

1) Først litt om synd.

Verda si synd, sa Johannes. Det er grunnleggjande for å forstå kva kristendom er og kven Jesus er at me veit litt om kva synd er. Eg seier litt. For synda er så stor og uhyggeleg at inkje menneskjeauga kan sjå det fullt ut og leva. Det er berre Gud som kjenner alvoret i synda. Men for å bli frelst må me sjå noko, og eg vil få peika på to sider ved synd her.
.

Først tyder det at eg er på feil veg. Alle har synda og manglar ære for Gud, Rom. 3, 23. Ordet for synd her tyder å ikkje nå målet, pila treff ikkje blink. Me er fødde borte frå Gud, og me er stadig på veg bort frå Gud. Mennesket lever i totalt mørke. Me er komne på feil buss og vil etter vår natur aldri nå målet, himmelen. Slik har det vore frå Adam av. Syndefallet snudde oss 180 grader rundt, altså motsett veg. Difor heiter det om att og om att i Guds ord: Vend om!
.

Du kan altså vere snill og grei og hjelpsam, ja betre enn dei aller fleste. Men kva hjelper det når du er på feil buss? Målet er galt.
.

Det andre er: synda har også øydelagt oss, heilt inn i vår indre natur. Me er ikkje berre på feil buss, me har og ein dødleg sjukdom. Som den spedalske i Mat. 8 ville dødd av sjukdomen er me på veg mot evig død i fortapinga. Synda er som AIDS- sjukdomen: den kan ikkje lækjast. Synda har gjort at alt ved oss er galt. Våre feil, gjerningar, ord og tankar og motiv er utafor Guds vilje sjølv om det ser bra ut med jordiske augo. Me er øydelagde i vår natur. Det er dette Paulus vil ha fram i Rom. 3, 9-12. M.a. står det her: me er alle forderva. Me høver ikkje i Guds himmel etter vår natur. Og det gjeld alle, både nordmenn og folk i andre land.
.

2) Dinest seier Johannes: Synda må bort!

Me maktar ikkje å bera vår eiga synd. Prøver me på det, vil synda bera oss til helvete. Difor treng me ein syndeberar, som kan bera synda vår til helvete for å berga oss som er skuldige. Me er fortapt i synda. Det er ei lite populær sannaing - men ei sanning!
.

Kanskje du føler lite synd? Eller du ikkje kan heilt forstå at synda di er så graverande. Kanskje det er sant. Det er ikkje alltid me ser vår eiga synd. Mor mi fekk brystkreft på sine gamle dagar. Men ho gjekk med sår ei heil tid utan å skjøna kva det var. På veg til Radiumhospitalet spurde eg henne: kvifor sa du ikkje dette før. Då svara ho litt veikt: eg trudde ikkje det var så alvorleg.
.

Kva var avgjerande i det tilfelle? Jau, det doktoren fann ut og fortalde. Mor si og mi meining hadde ingen ting å seia her.
Og kven skal me høyra på når det vert tale om synd? Berre ein: han som ser alt. Guds meining er den einaste sanne i denne saka. Og han seier rett ut: alle har synda, og synda må bort om du skal skal verta frelst. Ingen ting ureint kjem inn i himmelen. Opb. 21, 27. Og han som kom utan bryllaupsklær på, vart jaga ut. Mat. 22, 12. Ein må ta vår synd som si og bera straffa som om den var hans.
.

Kven kan gjera slikt?
.

3) Gud fann ein: Jesus!

For å bera synda, skulle han vere eit offerlam. I den gamle pakt var det mange offer. Dei vart slakta og ofra som ei soning for Israel si synd.
.

Lammet var drepen i staden for Israel og leid døden i deira plass. Slik skulle Jesus vere lammet. Han skulle døy - ikkje berre for nokre få. Heile verda si synd vart lagd på han. Han bar alt til krossen på langfredag. Der vart han vår "stedfortredar". Det var me skulle vore på krossen og dødd den ævelege døden i fortapinga. Ingen av oss hadde kome ut derfrå. Men Jesus var ikkje berre menneske. Han var Gud. Difor kunne han døy for andre sine synder - og så stå opp att og vere fri.
.

På krossen hende det største mirakel i tida. Mange ord i Bibelen fortel oss om det som hende då. Profeten skriv: Han vart såra for våre brot, sundbroten for våre synder; straffa låg på han for at me skulle ha fred, og ved hans sår har me fått lækjedom. Jes. 53, 5. Og Paulus skriv til korintarane: Han som ikkje visste av synd, har Gud gjort til synd for oss, forat me i han skal verta rettferdige for Gud. 2. Kor. 5, 21. Dette er ord som seier at dom og straff for all verda vart tilrekna Kristus. Han bar det me alle var skuldige i. På krossen heng vår synder, og Lammet tok vår fortaping. Det er den djupaste sanning i kristen tru.
.

Du gikk for meg en blodig sti, og jeg som skyldig var slapp fri. Min vredesskål du tømte ut, så dyrekjøpt er jeg din brud.
.
Korleis kan eg så verta frelst på det?
Johannes ga løysinga: sjå!
.

Og dette synet er i Guds Ord. Du skal ikkje sjå inn i deg sjølv og leita etter ein frelsesgrunn. Der finn du framleis berre synd.
.

Du skal sjå i Ordet, og høyre kva det seier om din tilstand. Kva seier Gud om deg i sitt ord? - Det seier enkelt: han gjorde dette for deg. Han gjekk til krossen for at ein syndar som du skulle bli frelst, og det var nett dine synder han slepa og drog på oppover mot Golgatahøgda. Og då han ropte i si siste stund: Det er fullført, tenkte han nett på deg!
.

Peter skreiv mange år etter: Han som bar våre synder opp på treet. 1. Pet. 2, 24. Og Johannes skriv som gamal mann: Han er openberra for å ta bort syndene våre. 1. Joh. 3, 5.
Heile Bibelen samstemmer i dette som farisearane sa: Denne mannen tek imot syndarar og et saman med dei. Luk. 15, 2.
.
Du skal intet gjøre for å frelse få, nei, blott ordet høre, hvile deg derpå.
.
Det er ikke din bønn, det er ikke din gråt, det er blodet som frelser deg nu.
Se, se, se og lev - det er liv i å se på det Golgata kors...
.
- Dagen etter tala Johannes om det same og viste folket til Jesus. Etter denne talen kom to menn og fylgde Jesus (v. 37). Ordet fekk bera frukt.
.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar