tirsdag 15. desember 2009

249) Luk. 18, 9-14.

Luk. 18, 9-14

Farisearen og tollaren.


Her er tale om to menn, som begge var i Guds hus og tilbad herren, og begge ville til himmelen. Dei var religiøse, men likevel så ulike. Dei er typar eller bilete på sanne og falske kristne. Og dei finn me alle stader til alle tider. Jesus vil med dette åtvara vår sjel og slik føra oss inn på rette veg.

.

Me kan spørja med ein gong: Kvifor var dei ulike, sjølv om dei begge ville vera rette kristne? Svaret ligg nok i hjartelivet. Det var ikkje rett. Slik var det og med trollmannen Simon. Peter sa til han: Hjarta ditt er ikkje rett for Gud. Apg. 8, 21.

.

I. Farisearen.

Han er bilete på hyklaren og den falske kristendom. Dei har namn av å vera kristne, men går fortapt. Dei var i templet, Guds hus. Dei gjorde ofte meir enn naudsynleg. Likevel var dei ikkje sanne truande. Kva var det som særprega denne mannen i motsetnad til den andre? Fleire ting peikar seg ut:

.

1) Han takka Gud og ba. Og det skal me alle gjera. Det er rett kristeleg. Men farisearen takka for det Gud hadde hjelpt han til å gjera og å bli. Han sa ikkje at han hadde gjort alt sjølv. Han tok Gud med som ein hjelpesmann. Det såg fromt ut. Men hovudtrykket låg på det han sjølv hadde utført. Han fortalde Gud om sine gode gjerningar. Men han takka ikkje for tilgjeving for synder og ba ikkje om audmjukskap i livet.

.

Og i bøna si ba han ikkje for tollaren eller for andre. Han stod der framme – åleine. Han hadde nok med seg sjølv.

.

2) Han samanlikna seg med menneske og ikkje med Guds lovar og ord. Han var i templet, men var der som ein høgmodig mann. Han sa: Av di eg ikkje er som andre menneske. Han var betre i eigne augo enn andre. Han var meir moralsk, han fasta og ba og ga mykje – meir enn han trong. Farisearen var ikkje ein gudlaus person som skeia ut og synda opent.

.

Han ottast Gud – og solte seg i sin eigen gudsfrykt. Det kunne han gjera, av di han ikkje spegla seg i Guds krav og det Bibelen sa om livet. – Dette er kjernen hjå farisearane til alle tider: ”Eg er like god som andre, gjerne litt betre.” For dei fleste menneske finn jo nokon som er verre enn dei sjølv på nokre punkt. M

.

3) Han bygde sitt liv på sin eigen religion. Frelse for han var det han sjølv hadde gjort for Gud og menneske. Det er ikkje kjernen i sjølve Moselova og Det gamle testamentet. Men somme av dei hadde vridd på tankane i Guds ord, slik at det stemde med deira eigne idear.

.

Presis det same gjer folk i dag. Når dei er lever så godt dei kan, er det greitt. Då korkje vil eller kan Gud krevja meir. Det er nok å leva eit nokolunde fint liv og vera litt fromme. Dei ber og les litt og ofrar. Det er kristendom god nok.

.

Treng du fornying her? Kast bort det gamle, vedkjenn deg synda og all svikt som trass alt ligg der i oss. Gå så til Frelsaren og be om nåde. Paulus skriv i 2. Kor. 4, 16: Det innvortes menneske vert oppatt nya dag for dag.

.

Me har alle ein farisear i hjarta. Me har lett for å byggja på vårt eige verk. Du har kanskje vore ein kristen lenge. Du kan det mest av kristenlæra. Det kan bli til fall. Paulus hadde mange slike ytre ting å stola på. Men han sa etter opplevinga ved Damaskus: Det som var ei vinning for meg, akta eg for tap. Fil. 3, 7.

.

4) Han mangla syndserkjenning. Han hadde kristendommen berre i munnen. Hjarta var kaldt. Han greidde seg sjølv og heldt hovudet over vatnet. Ein farisearar kan seia: Alle er syndarar. Men spør ein etter einskildsynder hjå han, syner han kor sjølvgod han eigentleg er.

- Og farisearen blir utestengd frå himmelriket til slutt. Difor må me jaga han ut or hjarta. Vis han ytredøra i livet ditt og be Jesus ta hans plass.

.

II. Tollaren.

Denne mannen er bilete på dei sanne kristne, dei kloke jomfruene. Og han hadde ikkje mykje å seia om seg sjølv.

.

1) Han hadde ingen ting. Ikkje ein einaste gong roste han seg av seg sjølv. Han hadde berre synder. Han såg at han var skuldig for Gud og hadde fått ein lukka munn. Rom. 3, 19. Difor tykte han at han var uverdig og såg ned av skam. Det same gjer med når me har dårleg samvit. Han kjende godt til synda i livet sitt, særleg i lyset frå Gud der i templet. Han hadde det slik David fortel om sitt liv: Synda mi er alltid for meg. Salme 51, 5. Dag og natt låg di hand tungt på meg, Salme 32, 4.

.

2) Han tenkte ikkje på andre, men hadde nok med seg sjølv og si synd. Farisearen hadde tankane sine hjå den usle tollaren og anna folk. Tollaren stod åleine ved døra. Nå skulle han ha eit oppgjer med Gud. Og der er me alltid åleine.

.

3) Tollaren fekk alt gratis. Gud gjorde han rettferdig i ein augneblink, v. 14. Då vart han løyst frå sitt gamle liv og all si syndeskuld. Det gjekk med han som med Kristen i Ein pilegrims vandring av Bunyan: Den tunge syndesekken fall av han ved krossen.

.

Han ba om nåde – og blei frelst. Det er kristendom. Slik talar alle truande. Ef. 2, 8.

.

Nå gjeld det oss. Skal me koma heim til himmelen, går berre dette nådetoget dit. Alt anna sporar av. Himmelen er berre for nådefolket. Amen.

-

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar