fredag 1. januar 2010

288) Mat. 28, 16-20.

Ein stor tekst.

Mat. 28, 16-20.

.

Dette er ein fin tekst, både om misjon, dåp, opplæring og trieininga. Her skal me berre stansa for misjonsoppdraget. Det er viktig for Guds folk.

.

Læresveinane reiste dit Jesus hadde sag ta han ville møta dei, v. 16. I ein eldre Bibel heiter det: Der Jesus hadde satt dem stevne. Det er eit fint trekk ved dei. Då tvilte dei ikkje. I dette stod Jesu ord fast.

.

Kor kan me møta han nå? Har han sagt noko om det?

- I Bibelen er ein fin møteplass. Når den opnar seg, vert det lys, står det. Salme 119, 130. Det har me truande erfart. Over ein open bibel sender Gud sitt himmellys ned i mørke sjeler.

- I forsamlinga av dei truande er det og slik. Der to eller tre er samla i Jesu namn, er han midt imellom dei. Det er hans eigne ord.

- Bønelivet er óg slik. Songaren har rett: En liten stund med Jesus – den bringer kraft med seg. Den gir meg lyst å vandre på Herrens gode vei. Har du ikkje erfart det i gode og stille bønestunder i lønnkammeret? Der er Jesus.

.

Så fekk dei sjå han. Dei tilbad, fall på kne i audmjuk bøn. Då er det at somme tvilte. Det vart kanskje for sterkt for dei. Dei hadde jo sett han ved Golgata. Dei visste han var lekamleg død. Og nå stod han der! Kva var det?

.

Då tala Jesus til dei – også tvilaren fekk høyra desse orda. Og dei fekk veldig mykje å seia for kyrkja og kristenfolk til alle tider. Lat oss sjå på tre store ting han sa.

.

1. Først: Om ei STOR MAKT.

Eg har fått all makt, sa han. Det minner han dei om først av alt. Ikkje minst for tvilaren var det godt. Det skulle ikkje stå på han – der var resurser nok.

.

Det seier oss at ein kristen har kontakt med himmelske krefter. Gud har vist litt av desse kreftene for oss. Me tenkjer på skapinga då alt vart til ved eit ord. Og julenatt då Gud sjølv steig inn i verda i sin eigen Søn og vart eit menneske. Og ikkje minst på krossen langfredag. Då vart alle synder lagt på Jesus og han bar dom og forbanning i vår stad. Er ikkje det ei veldig makt og kraft? Og dinest oppstoda. Gud reiste ein død lekam opp og viste ved det kor stor han er.

.

Ordet på grunnteksta for ”makt” tyder m.a. fullmakt (exousia). Som skapar og herre eig han alle ting og er utgangspunktet for alt. Då har han ikkje berre krefter nok til å gjera alt. han har lov til det og fullmakt i kraft av sitt skaparverk og som ein evig og fullkomen Gud. Ingen kan ta frå han det.

.

Slik er han også her og nå. Han har alt du treng. Og han brukar dei same krefter i vår kvardag som han brukte på Jesus då han vekte han opp frå dei døde. Ef. 1, 19-20. Dermed er Kristi oppstandelses kraft vår. Midt i vår usseldom og veikskap er me utstyrt med himmelske resurser.

.

Paulus skriv at han ynskjer meir av det – så eg kan få kjenna han og krafta av hans oppstode, Fil. 3, 10. Me må alltid byggja på det Gud gir oss i Kristus. Me får henta kraft og visdom der til liv og teneste.

.

2. Difor gir han oss ei STOR OPPGÅVE.

Her bruker han fire verb me skal leggja merke til: Gå – gjer – døyp – lær. Og oppgåva er formidabel: Læresveinane skal gjera alle til Guds folk. Kvar nasjon og kvar familie og einskildperson må få høve til å tru på han.

.

Gud vil det. 1. Tim. 2, 4. For alle var med i Jesu død. Misjonen er altomfattande. Difor blir me aldri ferdige med denne oppgåva. Det vil alltid vera nokon som ikkje er nådd. Kallet er å oppsøkja dei, tala og vitna for die.

.

- Det skal skje ved dåp. Det er ein eingongshandling. Men det skjer ikkje automatisk eller som magi når vatnet renn over barn eller vaksne. (I teologien kallar dei det: ex opere operato.) Olav Valen-Sendstad gjekk t.d. sterkt mot denne tanken, som eigentleg er katolsk. Til dåpen høyrer alltid trua, jfr. Mark. 16, 16.

.

- Til dåpen høyrer naturleg og naudsynleg opplæring. Me treng alle å vita kva frelse er og kva livet med Gud er. Difor gjeld opplæringa heile livet. Og Jesus sa det slik: Ved å læra dei å halda alt det eg har bode dykk. Det er ikkje sikkert me kristne har vore flinke nok til å læra dei unge og nye kristne ALT. Ingen ting må utelatast.

.

- Gå ut, sa han. Det er kallet. Direkte og udiskutabelt. Det er mange arbeidslag og organisasjonar i vår tid. Men tenesta og målet er det same. 2. Kor. 5, 20: Me er sendebod i staden for Kristus. Jfr. Luk. 24, 48; Luk. 14, 17; Op. 22, 17. Men me må heile tida vera på vakt om arbeidslaga har rett kurs.

.

- Til læresveinar, sa Jesus. Misjon er ikkje naudhjelp, skule, helsearbeid. Det er ikkje nok. Alt godt arbeid er vel og bra, men det rekk ikkje som misjon. Målet er klart: Folk må bli frelst frå si synd! Verda er fortapt utan Jesus. Det er berre ein veg.

.

Då Jesus såg folket, tykte han hjarteleg synd i dei. Mat. 9, 36. Me må altså sjå folket slik Jesus såg dei. Og han såg aldri berre fattigdom og sjukdom og den ytre stoda. Gong etter gong les me at han sa: Trua di har frelst deg, når han lækte folk frå sjukdom. Sjelenauda var størst.

.

Paulus skriv til romarane: Eg har ei stor sorg og ei vedvarande naud: at dei må bli frelste. Rom. 9, 2. Misjonæren Reichelt syng djupt og inderleg: Gi meg ditt ømme frelsersinn for slektens sorg og harm… Sangb. 705.

.

Nå ber han oss gå. Me skal vera sendebod for himmelen. Der er ei legende frå utgangen av Egypt (2. Mos. 12). Gamle Jakob gjekk frå hus til hus og sa: Du har vel slakta lammet? Har du smurt blodet på dørstokkane? Til eit ungt par sa han: Gløym ikkje blodet. Berre det frelser nå!

.

Nå kjem han til ditt hus. har du teke imot Jesu frelse? Her er han som kan frelse hver syndebunden trell; her er han som kan øse trøst i hver bange sjel. Sangb. 674.

.

3. Til slutt kjem Jesus med ei STOR TRØYST.

Eg er med dykk alle dagar. Det var nistepakken dei fekk med seg ut i verda. Kvar dag gjeld det. Det blir tunge og lette dagar i tenesta for Gud. Då skal me få sjå noko: Jesus er der. Det gir frimod og kraft. Og me kan stola på dei orda.

.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar