lørdag 2. januar 2010

291) Mat. 28, 1-10a.

Jesu oppstode.

Matteus Kap. 28, 1-10.
.

1. Jesus står opp.
Oppstoda er det store underet. Jesus var død som eit menneske, men han braut lekkjene som batt han til døden. Han var og Gud og ingen ting kunne halda han i dødsriket då. Dette var etter sabbaten, dvs. laurdag. Sabbaten enda ved solnedgang, og då opna butikkane att. Nokre kvinner kjøpte då angande olje, Mark 16, 1.
.
Tidleg sundag morgon då sola rann var dei ved grava for å salva Jesus, v. 1. På vegen dit har dei spurt: Kva med steinen? Den er for tung og stor for oss. Dei trudde dei ville møta problem som dei ikkje kunne løysa. Er ikkje det typisk for oss menneske? Me gruar oss til noko som me ikkje veit vil koma. Alt kan vera løyst før me kjem fram.
.
Nett det opplevde kvinnene, v. 2. Steinen framfor grava var ein rullestein, men så stor at det skulle bra krefter til å makta det. Og der såg dei at steinen alt var rulla bort. Kvifor hadde dei grubla over det? Gud hadde sjølv vore der med sine sendebod, englane. Kvinnene kunne gå rett inn i grava som var hogd ut i fjellet.
.
Og der sat ein mann. Det må ha vore ein Guds engel, kledd i ein lang, kvit kjortel, som snø, v. 3. Og det overnaturlege er ofte skremmande, difor vart dei redde. Men han tala venleg til dei og sa dei trong ikkje ottast. Han visste kva dei skulle, han var jo sendt av Gud. Nå får dei det store bodet, dei første som høyrde det: Oppstoda frå dei døde, v. 6. Jesus var ikkje der. Gud hadde gripe inn og berga Sonen frå dødsriket. Det var provet på at han var Gud og at synda var sona. Gud hadde liksom kvittert for det som hende på korset.
.
Kvinnene vart og dei første bodberarane om oppstoda, v. 7. Gå og sei til læresveinane – og til Peter. Var ikkje han ein læresvein og apostel? Kva skilde han ut frå dei andre? Synda midt i påsketida. Som den einaste hadde han fornekta Jesus ope med ord og banna på det. Men han angra – han gret over synda si. Mark. 14, 68-72.
.
Var det nokon som trong eit serskilt kall og ei personleg helsing då, var det nett Peter. Herren visste det, og difor minna han engelen om Peter. Kvinnene hugsa det nok: Peter skulle ha ei ekstra helsing. Og Peter må ha kjent varmen i heile seg då dei orda lydde. Det var som ei oppreising for han: Jesus har ikkje støytt meg bort!
.
Læresveinane skulle så gå til Galilea, der Jesus kom frå. Der skulle dei møta han. Jfr. Mark. 14, 28.
.
Kvinnene skalv av denne opplevinga og fekk ikkje ord fram i første omgang. Etter ei tid har dei likevel funne dei 11 læresveinane og sagt frå om det dei såg. Det ser me av Luk. 24, 9-10. Dei fleste trudde det ikkje. Men Peter trudde. Då han høyrde om underet – og truleg om helsinga til han – sprang han til grava, Luk. 24, 12. Og undringa var stor: Tenk, dette har hendt. Jesus lever!
.
2. Den oppstadne syner seg for Maria Magdalena, for dei to læresveinane som gjekk til Emmaus, og for dei elleve apostlane.
Jesus synte seg for fleire kvinne denne morgonen, først for Maria Magdalena som Jesus hadde berga frå sju vonde ånder. Og ho gjekk av stad og sa det til andre – dei som sørgde og gret. Men det skulle noko til å tru på slikt. Det var for overveldande.
.
Deretter kjem ein forkorta versjon av hendinga med dei to læresveinane som gjekk til Emmaus. Jfr. Luk. 24. Der viste han dei ut frå Skriftene at han var Messias og måtte lida for synda. Det fortel Lukas. Markus nøyer seg med å nemna det, men seier så at dei fortalde dette til dei andre læresveinane.
.
Men heller ikkje nå trudde dei. Dei var altså ganske trege til å tru på dette store underet. Og dei var Jesu vener. Då skal me kanskje ikkje undra oss over at folk i denne verda ikkje kan tru det. Gud må opna augo våre for å sjå Hans herlegdom og makt.
.
Til siste viser han seg for dei elleve då dei sat til bords. Han visste om vantrua, me kan ikkje skjula noko for han. Det gjeld til alle tider. Nå refsa han dei for det. Han hadde fortalt die om det før, så det kom ikkje uventa på dei. Men dei var så opptekne av dei nære ting og jordelivet, at dette guddommelege var umogleg. Og slik er det ofte med oss.
.
3. Han byd apostlane at dei skal gå ut i all verda og forkynna evangeliet, og lovar å vera med dei, v. 19.
Sjølv om dei var vantruande og Jesus måtte tala strengt til dei, ville Meisteren framleis bruka dei i si teneste. Det var desse feilande og svake sjelene som fekk misjonsbodet. Dei skulle gå ut i heile verda. Heile skapningen måtte få høyra evangeliet. Og her ligg jo også heidningemisjonen gøymd. Dei hadde ikkje så lett for å tru det heller, jfr. Apg. 10-11.
.
Tru og dåp var vegen til frelse, Mark 16, 16. Av Mat. 28, 18ff ser me at dåp og opplæring skulle gå hand i hand. Folk måtte få vita kva dei trudde på og bli grunnfesta i denne læra. Likevel ser me at trua har ei særstilling. Både dåp og tru høyrer med. Men dersom den døypte ikkje ville tru, var ikkje dåpen til noko hjelp i domen. Det er alvorleg å tenkja på i vår tid også.
.
Læresveinane får og teikn eller ”prov” på si teneste. Det var særleg naudsynleg i den første kristne tida då dei skulle pløya ny mark i alle land. Me ser litt av det same i misjonsland i dag. Det er indre av dette i nyare tid med meir kunnskap på ulike område. Her er og motstanden og skepsisen til alt som smakar av ”humbug” større.

.

Visse teikn skal fylgja dei som trur, står det: å driva ut vonde ånder, tungetale, ta ormar i hendene, drikka gift og lækja sjuke. Det er ikkje lett og enkelt å forklara kvifor det skjer så lite under mellom oss nå. Somme seier me manglar tru, andre at det høyrde til den første kristentida.
.
Jesu tid var nå ovre. Han vart teken opp til himmelen og sette seg ved Guds høgre hand, eit symbol på der makta var. Dei kristne byrja nå si teneste for alvor. Dei ”forkynte alle stader,” står det. Eit omfatande arbeid var i gang frå første stund. Og teikna fylgde med dei, og det synte folket på den tida at dei verkeleg var utsendingar frå Gud. Sonen hadde sagt det skulle vera slik.
.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar