onsdag 6. januar 2010

305) Mat. 16, 26.


Kva gagnar det?
Mat. 16, 26a.
.(Disposisjon.)

Kva gagnar det eit menneske? Det er det store spørsmålet for alle menneske.
.
1. Me trur at mykje gagnar oss.
Me vil vinna alt og ha med oss alt. Også kristne er smitta av denne tanken. Det er verda sin tenkjemåte som serleg tenkjer på dette livet og lever for det.
.
2. Noko høyrer berre denne verda til og jordelivet.
Og mykje av det er naudsynleg. Det er klårt at alle må arbeida for å leva her i verda. Gud har sett oss her med tanke på at me skal gjera det me kan for å klara oss sjølve. Det er noko sjukt i tanken om at samfunnet skal ta seg av alle. Det er sant at samfunnet skal hjelpa dei som treng det. men det er ikkje Guds tanke at me skal vera late og berre krevja alt av andre.
.
3. Men etter livet – og døden?
Kva har du gagn av då? Og kva nytte har me då av alt det me gjorde i jordelivet? Var det naudsynleg. Dette gjeld alle dei som berre lever for dette livet. Ved døden sin port har dei ikkje noko att. Dei freistar å trøysta seg med at det ikkje er noko etter døden. Det blir ei sterkt oppleving for dei når dei møter den nye verda etter grava.
.
4. Svaret er berre: Jesus.
Jesus har gjort mykje for oss, og det er mange sider ved han. Mange prøver å finna lette vegar til Gud. Bibelen har sagt klårt at det berre er ein. Skal det gå oss vel, må me fylgja han.
.
a) Jesus er svaret på vår frelse frå syndeskulda.
Det hende på Golgata. Då var svaret Jesu ord: Det er fullbrakt. Johs 19, 30.
.
b) Jesus er vegen til Gud.
Sjølv om frelsa er ferdig, må frelsa bli vår personleg. Det tyder at me får forlating for syndene. Me kan ikkje bortforklara synda i vårt eige liv, men Gud kan tilgje dei på grunn av Jesus frelsesverk. Joh. 14, 6.
.
c) Jesus er livet for oss.
Kva brukte me livet vårt til, og korleis har det i grunnen vore? Levde me til ære for Gud?
I Mat. 25 talar Jesus om daglege ting i livet, som å vitja andre, hjelpa folk i deira naud m.m. Og dei visste ikkje sjølv om at die hadde gjort noko for Jesus.
.
Moses såg heller ikkje at det skein av andletet hans.
Det er ”stjerner i kronen” som me syng om. Det som er gjort for Jesus, er til ære for han.
.
d) Ved himmelporten – kva har du då?
Me dreg mykje med oss frå livet i verda. Og kanskje trur du at noko av det tel med når du står der i døden.
.
Men billett er berre Jesus og hans blod. I hans namn kan me trygt gå død og æve i møte. Ei levande tru på Jesus er å la han vera alt i livet for oss. Me kan ikkje gjera noko for han, men berre tru.
.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar