mandag 11. januar 2010

313) Mat. 9, 6.


Jesu makt.
Mat. 9, 6.
.
Jesus har makt på jorda til å forlata synder. Det seier han sjølv her. Og det skal me vita, seier han. Og i Mat. 28, 18 seier Jesus: Eg har fått all makt… Då er han den sterkaste. Han kan trassa og sigra over satan sitt rike. Her var det ein lam kan helbreda. Det same gjeld i alle andre høve. Ingen kan måla seg med Meisteren.
.
Det såg ikkje slik ut i byrjinga. Han var fødd i ein stall og levde som eit vanleg menneske i mange år. Til slutt overgav han seg friviljug til styresmaktene. I dag kan det sjå ut som om kristendomen er på retur i vestlege land, folk trur meir på vitskap og pengar og politisk makt. Likevel var det slik at han skapte alt, grunnfesta jorda og hendene hans laga himmelen. Salme 102. 26.
.
1. Han sigra over Satan.
På krossen sona han alle synder og betalte all vår syndegjeld. Kol. 2, 14. Verda sin fyrste og herre vart kasta ut, Johs 12, 31, og han er alt rømd, Johs 16, 11. Og då er alt ferdig.
.
2. Han kallar syndarar til seg, v. 9.
Her var det Levi som fekk kallet, han som seinare er kalla Matteus og som skreiv dette evangeliet. Gud finn veg til hjarta vårt ved Ånden, og nokre gonger får han kalla dei som har svært lite kunnskap om Gud. Det er som om han dreg dei rett ut av syndelivet der dei alltid har vore. Men ofte må Anden kalla og dra og arbeida med eit menneske i lang tid før det kjem.
.
Det er også Anden som overtyder syndaren om synd og frelse. Johs 16, 8ff. Det er i grunnen Han som må gjera det. Våre ord blir motsagde og kritiserte. Anden har autoritet fra Gud for han er Gud. Får berre Anden lov til å tala med oss, vert me ståande med ein lukka munn. Me må stamma fram: Gud har rett.
.
3. Då tilgjev han synda. Han skaper eit nytt liv og føder oss om att ved Anden. Salme 51 og 32. Han har makt på jorda til det, v. 6. Den største og verste syndar kan då bli frelst. Han slettar ut synd og skuld, og me står der reine for Gud. Trur du det?
.
4. Jesus kan og hjelpa i naud. Han lækte mannen på lekamen. Han har omsut for oss på alle måtar. Difor kan me koma til han med vår naud. Det er vår rett som born fødde av Gud. Det er likevel ikkje alltid at han hjelper oss på den måten og på den tida me ber om. Hjelpa kjem alltid slik Gud vil og ser at det er best. Trua overlet seg til Gud også på den måten og er nøgd med det Gud gjer.
.
5. Han vil og vera med oss alle dagar, Mat. 28, 20. Det gjeld ikkje berre misjonærane som reiser til eit anna land. Det gjeld kvardagsmenneska i deira liv heime og på arbeid. Gud har gjeve oss våpen til striden og ber oss om å bruka dei. Efes. 6, 10ff.
.
6. Gud vil bruka oss i tenesta. Det er stort og berre nåde. Tenk, skrøpelege menneske skal vera medarbeidarar for Gud! Men det seier Ordet frå Gud. 2. Kor. 5, 20: Me er sendebod i staden for Kristus. Jfr. 2. Kor. 6, 1.
.
Denne tenesta er ikkje berre dei som er det ytre sett, har det som ”yrke” så å seia. Han vil bruka alle – der me er og slik me er. Difor legg han ei teneste i vår veg – ein sjuk, ein gamal, eit barn som treng oss til ei lita teneste. Men det var Jesus med hjelpte. Me møtte han i eit menneske. Ef. 2, 10; jfr. Mat. 25, 37f og v. 40. - Så går me frimodig ut i kvardagen i dag og.
.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar