mandag 11. januar 2010

314) Mat. 8, 2-4.

Ein spedalsk
Mat. 8, 2-4.
.
Ein spedalsk kjem til Jesus, og denne sjukdomen er eit bilete på synda. Då møter me her ein som lever utan Jesus.
.
Dette var ein sjukdom til døden, og han kunen vera av to slag: Den eine verka ei knudret og hard hud med sår. Det andre slaget var glatt og fin hud, men kjenslene var borte og delar av kroppen fall etter kvart av. Det byrja gjerne med kvite flekkar, men kroppen rotna etter kvart opp.
.
Felles for begge var at døden var viss. Det var inga von for han, og dei hadde ikkje medisin. Skulle han bli frisk, måtte det skje eit under.
.
1. Denne mannen kom til Jesus. Det var redninga hans For dei som kjem til Han, får hjelp. Og Jesus sa sjølv at han aldri ville visa nokon bort, Johs 6, 37.
.
2. Dinest ser me at han fall på kne. Det er uttrykk for hjelpeløyse og eit audmjukt sinn som bøyer seg for Gud. 1. Pet. 5, 5 seier at den audmjuke får nåde, det vil seia hjelp og frelse frå Gud i den største naud.
.
Bøna hans viser korleis mannen tenkte. Han hadde nok høyrt om Jesus eller kanskje sett han gjera under. For mannen visste ein ting: Han kan hjelpa meg. Det var ingen tvil om det hjå han, dette var ikkje vansken.
.
Men ville han? Bryr han seg om ein stakkar som meg? Desse tankane var vonde. Alle andre kan og vil han hjelpa, men ikkje meg. Likevel var det ei svak tru i han: Kanskje han vil? Og det gjorde at han kom. Alt anna var jo nyttelaust – nå er det berre Jesus igjen.
.
Slik er det ofte. Me har prøvd mykje for å få fred i hjarta og von om ein himmel etter døden. Ingen ting nyttar. Det er underleg korleis me er: Jesus kjem til slutt. Me prøver alt anna først.
.
3. Og Jesus ville! Han både kunne og ville. Det er eit vakkert trekk ved Frelsaren. Det står aldri på han.
.
Han rørte ved mannen, rekte handa ut for å hjelpa han. Det er ikkje me som skal gjera noko. Det er Guds Son som kjem til oss. Ordet i Jes. 59, 1 er sanne: Herren si hand er ikkje for kort til å frelsa. Og i Salme 40 er det klårt: Han drog meg opp…
.
Dinest talte han til mannen. Han fekk høyra dei orda han lengta etter: Eg vil, sa Jesus. Og så la han til: Bli rein. Mannen vart rein for sjukdom ved Jesu ord. Slik er det alltid. Det er ikkje våre opplevingar eller meiningar som frelser. Det er Guds ord – det kraft og mynd ei seg til å gjera det det seier. Ordet i 1. Tim. 2, 4 er sanne fullt ut: Han som vil at alle menneske skal bli frelst.
.
I dag seier Guds ord til dei som kjem: I Jesu blod er det forlating for alle synder. 1. Johs 1, 7. Det har reinsande kraft.
.
Og dette skjedde straks. Du skal ikkje venta i fjorten dagar. Det er nå – i dag er frelsesdagen, i dag er Gud å finna. 2. Kor. 6, 2. Akkurat nå kan du bli frelst. Blodet har makt og kraft til det. – Kjem du?
.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar