tirsdag 5. januar 2010

301) Mat. 20, 1-16.


Vingarden
Mat. 20, 1-16.
.
Vingarden er ein del av himmelriket, - den synlege Guds menighet. Det er noko Jesus vil seia oss om sitt rike på jord. Og det gjeld alle kristne og alle samfunn som er rette for Gud. Me vil samla noko av dette her:
.
1. Jesus treng arbeidsfolk.
Han går ut i landet og ser etter viljuge kvinner og menn, born og gamle, v. 1. Fins det nokon som vil arbeida for Gud? Og her tenkjer me ikkje berre på dei som er løna av ei kyrkje eller ein organisasjon. Her talar me om det friviljuge arbeidet for Jesus. Då han fann nokon, sa han til dei: Gå bort i vingarden, de óg, v. 4. Då vert me Guds medarbeidarar, 1. Kor. 3, 9. Det er i grunnen Gud som arbeidar. Me får berre halda handa i reiskapen som eit barn som hjelper far og mor.
.
Og kvifor må Jesus ha hjelp? Jo, Guds rike er ikkje ferdig ennå, det er mange ledige plassar for syndarar som vil venda om. Og Jesus sjølv drog til himmelen, og då overlet han ansvaret til læresveinane. Gå ut i alle verda, sa han. Det er i grunnen ein veldig tanke: Ansvaret for at evangeliet skal nå vidare ut, let han elleve unge menn få. På ein måte står det nå på oss.
.
Orda i Bibelen er klåre: Gå ut i all verda og gjera alle folkeslag til læresveinar, Mat. 28, 18-20. Og Paulus skriv i tråd med dette: Me er sendebod i staden for Kristus, som om Gud sjølv formana gjennom oss. 2. Kor. 5, 20. Det er misjonen – heime i vårt land og ute i heile verda.
.
Det tyder at alle får ein plass. Det finst ei gjerning for unge og eldre. Den kan vera liten og usynleg – men alt er stort for Gud.
.
Ennå var det nokre arbeidslause, fortel Jesus, v. 6. Somme vil ikkje gjera noko, dei ser ikkje kor viktig det er. Andre er så opptekne med seg sjølv og sitt eige – både arbeid og heim, at Guds rike har likesom kome på avstand. Somme er også så fulle av kritikk av det Guds arbeid dei kjenner, at dei vil ikkje vera med der.
.
Og det er lett å finna feil ved alle menneske og ved alt arbeid av menneske. Me er så ulike at me dømer ulikt om korleis alt skal gjerast. – Likevel – Jesus ber deg om å gå. Ein skal bli misjonær i eit framand land. Mange brukte heile livet sitt der ute. Andre var så trufaste i bedehuset og misjonsforeininga dei var med i. Mykje fritid og pengar vart nytta der. Det ser kanskje lite ut, men alle mursteinar i eit byggverk er like naudsynlege. Dei må berre vera der.
.
2. Gud gir løn for arbeidet, v.8.
Når kvelden kjem og alt vert avslutta, skal han kalla arbeidarane fram og gi kvar og ein løn. Dette kan truleg tyda to ting:
.
a) Han gir oss det evige livet. Det er ikkje løn for innsats, difor fekk alle saman det same. Frelsa er av nåde, Ef. 2, 8. Tit. 2, 11. Difor kan alle bli frelst. Røvaren på krossen fekk ikkje tid til å gjera ein einaste gjerning for Jesus. Han kom for seint. Likevel fekk han lovnad av Meisteren: Du skal vera med meg i Paradis. Dei som kom i den ellevte timen, var lik velkomne som dei som kom seinare. Det er slik nåden verkar.
.
b) Likevel: Det kan og tyda løn for arbeidet den einskilde gjorde. Spørsmålet er: Korleis brukte du livet ditt som kristen? I Mat. 25, 14ff seier Jesus noko om det. Der heldt mannen rekneskap med tenarane sine. (Sml. Luk. 19, 12ff). Og der fekk kvar einskild etter det dei hadde gjort med kapitalen dei fekk overlate. (Det er ulike meiningar om desse likningane, det skal me ikkje ta opp her, berre bruka dei som illustrasjonar i teksten vår.)
.
For det er ein bibelsk tanke at me skal få løn. Gud er rettferdig og ser kva kvar og ein har gjort. Det er lettast å skuva det bort, då slepp me kanskje ansvaret i kristenlivet. Men har Gud sagt noko, så vil det skje. I ein song heiter det: Kall arbeideren hit, skal det lyde en gang.
.
I 2. Kor. 5, 10 skriv Paulus: Me skal alle fram for Guds domstol – så kvar og ein kan få att det som er verka ved lekamen. I 1978-omsetjinga heiter det: Så kvar kan få att det han har gjort medan han var i lekamen. Og me gjer mykje ulikt som kristne. Det må vera dei han talar til her: Heile dette kapitlet er om Guds folk. ”Vi” tyder her dei kristne.
.
1. Kor. 3, 8 seier: Kvar skal få si eiga løn etter sitt eige arbeid. Dette er og tale om tenarskap i Guds rike der alle er eitt, men me arbeidar ulikt. Og Jesus talar i Mat. 10, 41f  om å få løn som ein profet, og at den som gir ei skål kaldt vatn, ikkje skal missa løna si.
.
Men heile tida er det nådeløn. Me har ikkje krav på noko, men herren vil ”påskjønna” sine i æva. Me kan ikkje koma med noko lønskrav mot han. Gud gjer det av sin frie vilje.
.
3. Gud vurderer annleis enn me, v. 16.
Menneska ser på det ytre, etter det som tar seg godt ut eller er tøft. Det er hyklarane sin måte. Dei vil visa seg fram. Mat. 23, 5. Det er ei farleg fallgruve.
.
Gud ser lenger, etter motiv og grunnen til at me gjer noko. Difor vil mange store bli små i himmelen. Leiarar, predikantar og ”sjefar” på jord kan få ein låg plass i himmelriket.
.
Kven kjem øvst der? Her meiner me då: Kven har gjort det beste og største arbeidet for Gud på jord? Mange blir æra mellom menneske, men er det alltid slik Gud ser?
.
Dei som har tenarsinn er stor i Guds rike. Ein gong måtte han tala Sebedeus-sønene til rette av di dei ville sitja øvst i himmelriket. Dei visste lite om korleis Jesus tenkte då. Han sa til dei: Den som vil vera stor mellom dykk, skal vera tenar for alle. Mark. 10, 43f. I Johs 13, 14 er fortalt om fotvaskinga. Det var slaven sitt arbeid. Slik skulle me vera: tena kvarandre og gjera det tyngste arbeidet.
.
Ei anna side ved det å vera stor for Gud er truskapen. Ver tru til døden, sa han til folket i Smyrna, Åp. 2, 10. Ja, det å vera tru over lite er stort for Gud. Av hushaldarar krevst det at dei er true, skriv Paulus. 1. Kor. 4, 2. Det tyder at me gjer det Gud har vist oss og er nøgde med den plassen i livet.
.
Vågar me å tru på Jesu ord og leva etter det? Då søkjer me ikkje høge stillingar her på jorda, men lever i det stille og utfører dei ferdige gjerningane me møter. Ef. 2, 10. Men i alt skal me leva i tanken på Guds nåde. Alt er ufortent og gave frå Gud. Det var ei tysk grevinne (Elisabeth Ludämilia 1640-72) som skreiv songen:
.
”Jesus, Jesus, ham alene står mitt hjertes lengsel til.
Det forplikter til det ene: At jeg vil hva Jesus vil,
så i ham jeg glad og mild, roper: Herre, som du vil.”

Lat det vera livet vårt. Amen.
.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar