tirsdag 5. januar 2010

299) Mat. 22, 10-15.


Bryllaup.
Mat. 22, 10-15.
.
Jesus har tala om kongesonen sitt bryllaup, og det var ein stor fest. Sjølvsagt tala Jesus også i bilete. Det er himmelriket som er likna med dette, seier han. Alt var ferdig, det galdt å koma med der i rett tid og med rett drakt. I desse orda finn me nokre store sanningar for Guds rike. Me vil anvenda orda her om oss.
.
I. NÅ er nådetida.
Gud kallar på menneska, og alle kan koma, v. 10: Tenarane gjekk ut på vegane og fekk saman alle dei fann, står det. Spørsmålet er då om du let deg finna av Jesus?
.
Huset vart fullt av gjester. Det var ingen ledig plass att der. Når det skjer, er det tid for Jesus å koma att. Jes. 55, 6. Nå er tida for å søkja Herren, nå kan du finna han. 2. Kor. 6, 2 som er sitat frå Jes. 49, 8. Nå er nådetida og frelsesdagen. Har du nytta han?
.
II. Ein dag er alt slutt.
Då kjem Lammet sitt bryllaup og seinare dommen. Men Guds ”menighet” er alt her på jorda, og kongen kjem på vitjing nå. I den ytre kyrkja er det både sanne truande og hyklarar. I det ytre ser dei kanskje like ut, men korleis er det i hjartelivet.
.
Gud skal mønstra si hær, Jes. 13, 4. Han har skarpe augo så ingen kan lura han. Difor ser han om me har det rett med Gud. Det er alvor når Han ser på oss og vårt kristenliv. Hyklaren har ingen plass i himmelriket. Det er berre for Guds reine born.
.
III. Korleis kom du inn?
Kongen møtte ein utan rette klær og spurde: Korleis er du komen inn her? Då fekk han ein tilstoppa munn, Rom. 3, 19. Ingen av oss har noko å forsvara oss med i ei slik stund. Og spørsmålet er viktig: Korleis kom du inn i den truande forsamlinga på jord? Vart du fødd på nytt på bibelsk vis, eller kom du med i flokken utan syndserkjenning og tilgjeving?
.
Skrifta talar om trua på Jesus som den einaste vegen inn i riket. Her gjeld inga gjerning eller eigne offer. Guds rettferd får me ved tru på Kristus, utan lovgjerningar. Det er rett bibelsk tale. Rom. 3, 22.
.
IV. Utafor.
Han som ikkje hadde rette klær, vart bunden og kasta utanfor i mørke. Det er fortapinga. Det er unyttig å vera ein kristen i namnet utan å vera frelst ved Jesu død og blod. Berre det er vegen til himmelriket.
.
Om han kom nå i denne stund – ved døden eller ved si atterkome – var du rede? Ennå er det nådetid. Kom difor til Jesus med di synd, og han gir deg den reine kvite drakten. Det er Guds eiga rettferd, og den held i liv og æve. Jesus kjem i den timen me ikkje tenkjer, plutseleg og uventa.
Amen.
.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar