lørdag 2. januar 2010

294) Mat. 26, 17-29.

Skjærtorsdag –

Mat. 26, 17-29.

.

Skjærtorsdag var ein lang dag. Det var mykje som hende den dagen, som på langfredag. Og det viser Frelsarens kamp for vår frelse. Og han vann siger til slutt over alle fiendar.

.

Lat oss fylgja han på vegen - og sjå nokre hovudtrekk ved denne delen av livet hans. Det er sjølve avslutninga av livet og frelsargjerninga. Difor skal me stansa ved nokre av stasjonane der han var denne dagen.

.

I. Det siste måltidet. Nå var dei samla på den øvre salen, han og dei næraste venene hans. Og dette fall saman med jødane sitt påskemåltid, 2. Mos. 12. Dei mintes kvart år utgangen av Egypt, det store Exodus. Og medan alle jødar sat kring i heimane sine med glede over det som hadde hendt, sat Jesus med sine vener i gru for det som måtte henda.

Nå tala han om svikaren. Ein skulle gi han over til dei skriftlærde, og det var einstyande med døden. Alle spurde: Det er vel ikkje eg? Også Judas var med då, han spurde og om dette. Han beheldt altså maska, for han måtte ha skjøna kva han var i ferd med å gjera. Alt forstod han nok ikkje, det ser me seinare. Men han måtte ha skjøna at noko var galt. Og Jesus tok dette på alvor. Det var betre for det menneske at han aldri var fødd, sa han. Så alvorleg er det å svika. Då går eit menneske fortapt.

.

Jesus vaska føtene til sine vener - det var slaven sitt arbeid. Nå viste han i gjerning kvifor han var komen. han vart tenaren, slaven, han skulle gjera det ingen ville eller kunne gjera. Måtte ikkje disiplane og skjøna dette nå? Det var vel dei som skulle ha vaska han -Meisteren. Men det kjem me sjeldan på, at me skal tena andre.

.

Nå var det Jesus gjekk ut. Han var ikkje med i det som hende seinare. Det var natt, seier Joh. 13,30. Ikkje minst var det natt i Judas sitt hjarta. Han gjekk nå mot fortaapelsens natt, der det ikkje var noko veg attende. han hadde selt Jesus for 30 sølvpengar - betalinga for ein slave. Så mykje var han verd for Juda. Skal tru om ikkje mange sel han for mindre i vår tid?

.

II. Nattverden. Etter dette var nattverden stifta. Då var som sagt Judas sikkje med. Den er berre for Guds folk. Andre skal ikkje vera med då. Difor skal me vere varsame med innbydinga til nattverden og. Sume brukar det som misjonsmiddel og gjev inntrykk av at berre deigår til alters, er dei blitt kristne. Her skal me vere varsame i alt me gjer. Den skal heller ikkje bli eit reint rituale eller ein vane. For det er ei heilag stund der det skjer noko.

Jesus forklarte kva nattverd var. Den er til soning for synd. Den talar sterkt om Jesu blod og kjøt. For nå gjekk han mot det sioste offer i sitt liv, og det einaste som kunne berga verda. Slik brødet blir brote i nattverden, skulle Jesu lekam bli knust under syndebørda.

.

Den talar om syndsforlating. Den er grunna på Jesu død og offer. Det skjer ikkje automatisk eller som magi. Me må ta imot i tru, det må bli mitt, ein personleg eigedom. Men nattverd er også samfunn mellom dei truande. Det er eit eineståande forhold mellom Guds folk på jord. Me kan vere usamde om mangt, men er eitt i anden avdi me høyrer Jesus til. Difor skal me ikkje misbruka nattverden.

.

Etter dette var det Jesus heldt den store talen i Joh. 15-17.

.

III. Getsemane. Jesus var kjent der, Luk. 22, 39. Det var ikkje uvanleg at han gjekk gjennom hagen ved foten av Oljeberget. Men nå skulle han gå inn mot dødsskuggens dal. Det var ein smertens veg for Jesus. Likevel står det i v. 30:Då dei hadde sunge lovsangen. Det var skikk etter påskemåltidet for jødane å synga frå Salme 113-118. Den delen av salmane er kalla Hallel av di det byrjar med halleluja. Og Salme 113 tek elles til med dette: Herrens namn vere lova. Og mot slutten av salme 118 heiter det: Dette er dagen som Herren har gjort. Bind høgtidsofferet med reip like inn til alterhorna.

.

Nå skulle det skje på ein større måte enn nokon gong før. Men trass i lidinga, kunen Jesus synge lovsang. Han visste at dette var Guds veg for slekta. Det store offeret skulle snart gjevast.

.

Men det skjedde altså ikkje utan kamp og smerte. Han måtte gjennom Getsemane - det er symbolet på den djupaste smerte og sorg og bønekamp som nokon har vore gjennom.

.

Ein song tolkar dette slik: I navnløs ve og smerte vår Jesus den har gått, hans varme frelserhjerte sitt dødssting der har fått. - Til Paradis den veien ber, men en smertenes vei det er.

.

For nå sette helvedes krefter inn sitt siste angrep, og me må tru at helvede mobliserte sine sterkaste tropper. Alt materiell skulle nå setjast inn og pressa Jesus i kne. Det ser me av at han sveitta som blod. Og han kjmepa verkeleg i bøna. Det var ingen lett “kjære Gud”-bøn. Her var himmel og helvede i nærkamp som aldri før -og den enda ikkje før på krossen.

.

Men han sigra: ikkje som eg vil, berre som du. Det er seiersropet. Då overtek Herren leiinga. Slik var det med Jesus og slik er det med oss. Men disiplane sov. Då Jesus ser det, kjem han med eit lærerikt ord: Anden er viljug, men kjødet skrøpeleg. Dette ordet beskriv menneskenatura etter omvendinga. Slik er det med oss alle: me har to krefter i oss. Det nye livet vil gjera Guds vilje og gå hans veg. Men i oss er ei gamal natur, kjødet, synda som bur i oss. Og alt dette strir mot Guds vilje. Dei kreftene bryt i oss alle.

.

Sangaren syng slik: Å, skulle en gang blive kold, min kjærlighet til deg, da minn meg om Getsemane, og om din sved for meg.

.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar