fredag 1. januar 2010

289) Mat. 28. 18-20.

Trieining.

Mat. 28, 18-20.

.

Dette er tekst på trieiningssøndagen – det handlar om dåp, misjon og opplæring. I alt dette og alt anna er heile trieininga med. Og det er eigentleg Gud som gjer arbeidet. me er berre verktøy og reiskap. Det er audmjukande, men Gud har ordna det slik. Me kunne ikkje anna, i alt dette åndeleg eer me djupast sett ubrukbare.

.

Her møter me altså misjonen som er Trieininga i arbeid.

.

1. Gud.

Han er første person i guddommen. Og me veit noko om han frå Bibelen.

1) Han er skapar. Etter at universet vart til, skapte han også mennesket. Gud sa: Lat oss skapa menneske. 1. Mos. 1, 27. Mennesket vart altså til ved ei særskilt skaparakt. Det er aldri tale om ei utvikling frå dyr eller låge, enkle skapningar. Gud sa – og me vart til. Difor er alle Guds eigedom. han har rett til alle menneske, av di han laga oss. Det er slik sjølv om folk ikkje trur det eller vi ha noko med Gud å gjera.

.

2) Gud kallar menneska. Salme 50, 1. Han talar og kallar frå sola går opp til ho går ned. Slik møter han alle som kjem i kontakt med Guds ord. Naturen talar også til oss, Rom. 1, 20. Men det er ingen tale til frelse og forsoning. Men han vil at alle skal bli frelst, 1. Tim. 2, 4. Alt er klart frå Gud si side. Ingen skal kunne anklaga han på dommedag.

.

3) Gud er også far. Dei ufrelste og heidningane kjem heim når dei blir kristne. For i heimen er far. Men han møter oss ikkje med refs og slag. han opnar armane mot oss når me kjem, som den fortapte sonen opplevde det. Luk. 15. Og nå ventar han på deg!

.

2. Jesus.

Han er den andre personen i guddommen. Kva er hans plan og teneste?

.

1) Jesus har betalt for alle. 1. Tim. 2, 5f. Jesus er vår mellommann og løysepenge. All skuld vart tilrekna Jesus. Han betalte med blodet sitt då han døydde på krossen. Kvar einaste synd vart sona då. I Kol. 2, 14 skriv Paulus: Han utsletta skuldbrevet. Det er fullstendig borte. Alle synder i heile verda vart notert på ei rekning, og Jesus sa: Eg betalar alt. Då er me ved påsketid.

.

2) Jesus sender oss ut. Han seier: Gå! Misjonærar og predikantar er Jesu stedfortredarar på jorda. Me er sendebod i staden for Kristus, 2. Kor. 5, 20. Underleg nok står det: Som om Gud sjølv formanar … Det er veldige ord. han har ingen andre til å gå enn syndige men frelste menneske. Korleis kan då nokon sjå smått på det? Misjon er å fylgja Jesu ordre. Det gjeld ute og heime, på møte, i forening og når du ber og gir dine gaver. Du er i Guds stad. Jesus sa ein gong: Likesom faderen har sendt meg, sender eg dykk. Johs 20, 21. Slik er det: Me er sende av Gud Fader.

.

3. Anden.

Den tredje personen i guddommen er Den heilage Ande. Då er me ved pinsetid.

.

Han kan ikkje skiljast ut frå dei andre tp personane. Det handlar om tri som er ein, ei tri-eining. Difor er det galt å seia at kristne ikkje har Anden. Du kan ikkje vera kristen utan den. Alle frelste har del i den tredje guddommen, for dei er uskiljande.

.

Me skal ta med to viktige ord om Anden:

1) Johs 16, 8: Han skal overtyda verda om synd. Det held han på med nå. Dersom Anden arbeidar med meg, ser eg meir og meir av mi eiga synd. Eg ser kor duglaus eg er i arbeidet for Gud og blir stadig audmjuka av Anden når han syner meg korleis eg eigentleg er. – Det er då eg har mest bruk for hans nåde.

.

2) Johs 16, 14: Anden skal herleggjera Kristus. Han viser oss alltid til Jesus Kristus. Han opphøyer ikkje seg sjølv, men let Anden stråla fram hjå den truande. Då ser du kor stort det er å vera frelst og kor trygg du er. Og då vert ikkje misjonen mitt og vårt arbeid. (Det er ein fåre ved å understreka det.) Då blir det Herrens gjerning og han får all ære.

.

I alt dette sa Jesus at han ville vera med oss alle dagar. Då kan me vera frimodige. I profetordet om Jesus står det tydeleg: Han skal verta kalla Immanuel og det tyder nett dette: Gud er med oss. Og det vart sagt då Jesus skulle koma til vera, Mat. 1, 23. Så det gjeld han. Og ein gong sa Jesus dette slik: Der to eller tre er samla i mitt namn, der er eg… Mat. 18, 20.

.

Så går me frimodig i striden.

.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar