onsdag 6. januar 2010

303) Mat. 18, 19-20.


I Jesu namn.
Mat. 18, 19-20.
.
Her har me to store løfte: De skal få det, og der er eg – seier Jesus. Og me legg merke til at det treng ikkje vera store forsamlingar eller mange folk når han skal oppfylla sine løfte. Han set berre fram eitt ”krav”: Du må be og samlast i Jesu namn.
.
Og kva tyder det? Svaret må vera slik: Me samlast som om Jesus sjølv var der! Lat han vera midtpunktet og ta alle avgjerder. Lat oss bøya oss for Jesus, æra og prisa han, vera audmjuke for den store konge.
.
Då skjer det same som om Jesus sjølv var der. Me sviktar så ofte, han gjer det aldri.
.
Kva tyder så Jesu namn her?
.
1. Jesus sjølv er der, v. 20.
Med sinn Ande og etter våre tankar på ”mystisk” vis. Han er mellom sine venner for å hjelpa, trøysta og velsigna. På ein særleg måte er han med i arbeidet for Guds rike, både misjonærar og andre. Sjølv om me er få – to eller tre – er han der. Mat. 28, 20. Det viktige var at han fekk vera mellom oss. Det kan byrja i det små, men få eit stort resultat.
.
I Johs 20, 19 ser me at Jesus kunne koma gjennom stengde dører til og med. Læresveinane var  redde etter alt som hadde hendt i påsken. Plutseleg stod Jesus mellom dei – for han var deira herre. Slik kjem han til kvar ein av oss.
.
2. Jesus høyrer bøn, v. 19.
Det to av oss er samde om, seier han. I denne samanhang må det tyda at me er samde om å be etter Guds vilje, og at me vil ta imot det han ser er best. Å be i Jesus namn er som om Jesus sjølv bad, slik han bad – og det var alltid etter Guds plan.
.
I Johs 14, 13-14 finn me eit ufatteleg løfte: Kva de så bed om i mitt namn, det skal eg gjera. Det er store ord. Men legg merke til kva målet er med å høyra bøna vår: Så Faderen skal verta herleggjord i Sonen. Det er ikkje me som blir sentrum, men berre Jesus og hans Far.
.
Er det difor me får så lite svar? Tenkjer me mest på å få noko for oss sjølve? Eller er målet vårt også at Gud skal blir stor – det er jo han som svarar og gir alt. Jakob skriv i sitt brev kap. 4, 3: De får ikkje av di de bed ille. I omsetjinga av 1975 står det slik: De vil øyda det i nyting. Og då er ikkje Gud i sentrum.
.
Den første bøna i fader vår heiter: Lat namnet ditt helgast. Det er målet med alt. Jakob skriv og slik: Ein rettferdig manns bøn har stor kraft og verknad, kap. 5, 16.
.
3. Misjonen må drivast i Jesu namn.
Misjonen er Guds verk, og det var Jesus som ga læresveinane i oppdrag å gå ut med evangeliet. Difor står det i Luk. 24, 47 at i Jesu namn skal omvending og syndsforlating forkynnast. Det er berre han som kan gi det på grunn av det verk han gjorde på krossen.
.
Misjon i Jesu namn tyder då faktisk at det skal skje slik Jesus ville ha gjort det. Det tyder ikkje i alle detaljar, for det kan me ikkje vita i dag så mykje om. Men i hovudsak skal det bli slik: at misjonen skal vera med å æra Gud slik Jesus gjorde det. Og det kan berre skje ved at sjeler blir frelste og får plass i Guds himmel. Det er ikkje vår organisasjon eller kyrkje som er vesentleg. Det er berre eit stilas me brukar for å arbeida for Gud, som Ludvig Hope sa.
.
Den rette bibelske forkynninga har alltid vore desse to hovudpunktene: lov og evangelium. Me skal ikkje slå av på noko for å bli likt av menneske eller få eigne tilhengarar. Nei, det er som Paulus skriv til Korint: Det var Guds vilje ved dårskapen i forkynninga å frelsa dei som trur. 1. Kor. 1, 21. La oss difor ha tru på bibelsk misjon og bibelske metodar.
.
4. Alle skal erkjenna Jesu namn.
Paulus skriv om det i Fil. 2, 9-11. Kvart kne skal bøyast og kvar tunge skal sanna at Jesus er Herre. Me som trur på han her, får gjera det med lovsong og takk til Gud. Dei andre må sanna at Gud lever og at Bibelen var sann. Det fatale er at då er alt for seint. Dei ufrelste går inn i ei æveleg natt utan Gud og utan von. Nokre sa nei takk her i livet, og andre fekk aldri høve til å høyra om namnet Jesus.
.
Til den tid gjeld det som Peter sa i Apg. 4, 12: Det er ikkje gjeve noko anna namn under himmelen som me kan bli frelste ved. Berre Jesus.
.
Kva har du gjort?
.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar