mandag 11. januar 2010

315) Mat. 7, 24-27.

Ein god grunnvoll.
Mat. 7, 24-27.
.
Denne teksten har ein parallell i Luk. 6, 47-49, og det er viktig å ta begge med for at me skal få eit rett og tydelege bilete av det Jesus meiner. For her talar me om vesentlege ting i den kristne trua, om å byggja på rett grunn for trua vår og bli bevart der.
.
Me møter to ulike menneske, og dei fekk heilt ulik utgang på livet. Dei levde forskjellig og døydde på ulik måte. Og det er berre desse to måtane kristeleg sett. Det finst ingen mellomting der ein haltar til begge sider. Prøver me å ri på to hestar, vil det snart gå galt.
.
Her ser me altså grunnar for at huset stod, og at det andre vart øydelagt i uveret. Me må ha ein bibelsk grunn for kristentrua, elles vil det går galt til slutt. Det vil Jesus seia sterkt og klårt. Kva var så grunnane for at det eine huset skilde seg ut frå det og dei andre? Eller med andre ord: Kvifor er det nokre som blir frelst – og andre ikkje?
.
1. Huset var grunnlagt på fjell.
Det er ein trygg grunnvoll. Her var byrjinga rett, og då er det von om resten og. Fundamentet er viktig i alt. Det er først med ein solid grunnvoll at huset står trygt. Det talar Bibelen om fleire stader – på åndeleg måte.
.
Salomo skriv i Ordt. 10, 25: Den rettferdige har ein evig grunnvoll.
Paulus skriv i 1. Kor. 3, 11: Ingen kan leggja ein annan grunnvoll enn den som er lagt, Jesus Kristus. Og i 5. Mos. 32, 4 står: Klippen (Berget), fullkome er hans verk!
.
Og dette berget er Jesus Kristus. Han er vegen, sanninga og livet og lyset og grunnvoll. Men det er noko særleg ved Jesus som er grunn for trua. Det finn me i 1. Kor. 2, 2: Eg ville ikkje vita av noko anna hjå dykk enn Jesus Kristus – og Han krossfest! Det er Golgata, krossen og blodet som er den faste grunn som gjer at me blir og er frelste. Det er ei kraft til frelse, 1. Kor. 1, 18. Det har dei kristne alltid talt og sunge om når det var rett med dei.
.
Paul Gerhard song i 1653: Den grunn hvorpå jeg bygger er Kristus og hans død.
I Kristi korses skygge forsvinner all min nød.
Der har jeg funnet livet, selv er jeg intet verd.
Hva Jesus har meg givet, gjør meg for Gud så kjær.
.
Og i 1722 skreiv Johann Andreas Rothe slik om trua:
Nå har jeg funnet det jeg grunner
Mitt salighetens anker på.
Den grunn er Jesu død og vunder,
Hvor den før verdens grunnvoll lå.
Det er den grunn som evig står,
Når jord og himmel selv forgår.
.
Fylg Jesus til Golgata – det er ein sikker grunnvoll. Det hjelper ikkje med allmenn religiøsitet, humanisme, god moral, kjensler og noko inne i oss. Det rasar samen i Guds dom. Me treng noko utafor oss sjølv.
.
I Hebr. 9, 22 står det slik: Utan at blod vert utrent, vert ikkje synd tilgjeven. Me må høyra og tru ordet om krossen og Jesu død. Det hadde dei gjort som vann fram til himmelriket, i Åp. 7, 14f. Dei hadde ein fast grunnvoll: Dei var reinsa i Lammet sitt blod, står det, og difor var dei for trona.
.
2. Huset var godt bygt.
Det finn me i Luk. 6, 48, og det er den andre grunn for at det gjekk godt. Her var ikkje berre byrjinga rett, men dei heldt fram på same måte. Dei budde heile livet på Golgata etter at dei vart frelste. Huset skulle byggjast, og det er bilete på livet med Gud. Og han hadde bygt godt, står det.
.
Dette fører oss til 1. Kor. 3, 12-13. der ser me at materialet var avgjerande. Somme bygde av høy og strå. Det var ikkje serleg sterkt. Og i dommen brann det opp. Ingen ting vart att for somme. Men andre bygde av gull, sølv og edle steinar. Det vart ikkje borte men stod prøven.
.
Av dette ser me m.a. at livet ikkje er likegyldig. Jesus avslutta dette med å seia at me skal både høyra og gjera. Det kan verka lovisk for nokre, men Jesus meiner ikkje at me skal byggja frelsa på livet vårt. Då ville det gå galt for alle. Men han vil at me skal ta Guds ord alvorleg og lata det avgjera alt i liv og lære. I dag ser me fleire døme på korleis det går når folk ikkje brukar Bibelen som grunnbok for livet. Då vil me leva rett og sant som takk for Golgata. Livet vårt skal vera ein pryd for evangeliet, skriv Paulus til Titus, Tir. 2, 10. Og det er me ikkje om me slurvar i dagleglivet, med handel og vandel og arbeidstid og talen vår.-
.
Salme 119, 105 seier det slik: Ditt ord er ei lykt for min fot og eit lys på min sti. Og då let me Guds ord styra små og store ting i livet. Songaren syng slik: ”Den vei må man varsomt i ydmykhet gå, i bønn og årvåkenhet vandre man må. Et trinn kun til siden deg bringer i nød. For kjødelig frihet er åndelig død.”
.
Og Brorson seier det slik: ”En tanke som i hjertet kom, og som man litt lot råde, har så titt gjort sjelen tom for Guds dyre nåde.” Det må ikkje skje, det kan gå galt. Er huset ditt godt bygt?
.
3. Han gravde djupt ned.
Her er me og i Lukas 6, 48. Denne mannen tok seg tid til å leggja ein god grunnvoll – og det kravde tid og arbeid og strev. Det var ingen overflatisk mann. Han var grundig og ville ha det rett.
.
Eg trur her er mykje overflatisk kristendom mellom oss, og difor mange fråfall. Om alle som fell frå, verkeleg har hatt liv i Gud, veit me ikkje. Berre Gud ser det. Det me ofte ser, er at dei lever på kjensler og eige strev for å få til kristendomen sin. Det er ikkje eit godt teikn på ein kristen at han fartar kring alle stader på ulike møte for å få med seg alt. Du blir rotlaus av det og finn slett ikkje den djupe grunn og feste for trua.
.
Han gravde djupt ned. Kor gjorde han det? Kva la han mykje arbeid i for å få feste for tru og liv?
.
Mon ikkje han grov i Ordet. I v. 24 står det om dei som høyrer. Det er også uttrykk for å granska og studera Ordet, som i salme 1, 1-2. Og i Salme 119, 133 står det: Gjer mine trinn faste ved ditt ord. Der ligg løyndomen.
.
Så kom stormen. Du må rekna med den i livet og i dommen. Har du då bygt på Berget – på Klippen Kristus?
--

1 kommentar:

  1. Kære Nils.

    Mange tak for dette gode notat.

    Bh. Lis.

    SvarSlett