lørdag 2. januar 2010

290) Mat. 28, 1-10.

Oppstoda.

Matt. 28, 1-10.

.

Desse orda er frå første påskedag då Jesus stod opp frå dei døde. Han hadde sagt det til dei før: Han skulle lida og døy og etter tre dagar skulle han stå opp. Men læresveinane var trege til å skjøna det. Det var så uverkeleg.

.

Ingen såg det då det hende. Ingen av evangelistane fortel kva som hende då. Gud handla liksom heilt åleine utan tilskodarar. For her brukte han si veldige makt.

.

Men dei såg den oppstadne og vitna om det. ”Jeg levende så ham i haven, og aldri så skjønn jeg ham så.”

.

Kvinnene gjekk tidleg til grava for å salva lekamen hans. Det var vanleg praksis. Dei brukte angande olje, og det var berre for høgtståande, ”fine” folk. Kvinnene såg på Jesus som stor. Berre det beste var godt nok for han. Ei av dei var Maria Magdalena som Jesus hadde drive 7 vonde ånder ut or. Ho hadde altså opplevd eit stort under i sitt eige liv. Nå hadde Jesus alt å seia for henne. Det er eit godt bilete på ein kristen. Slik er det med oss.

.

Dei såg grava – ho var tom. Eit jordskjelv kom og ein engel frå Gud møtte fram. Det var ei dramatisk stund, så til og med vakta skalv.

.

Så høyrde dei det: Han er oppstaden! Eit under har hendt. Fortel det vidare. Jesus går i førevegen for dykk – til Galilea. Kvinnene skunda seg bort – kva skulle dei der då? Otte og glede fylte dei – det skjer ofte i slike store stunder.

.

Kvifor var det slik – har dette noko å seia for oss?

.

1. Jesu ord var sanne.

Det fekk dei sjå nå. Mat. 16, 21. Tre gonger kjem dette att: han skulle døy og stå opp att. Før hadde dei ikkje lagt nok vekt på det, det var liksom så utruleg. Nå såg dei det!

.

Dette skapte tillit til orda hans og det han hadde gjort. Ordet blei oppfylt. Det var sant. Slik er det og. Det er ein ting å tru med tanken det Jesus seier. Det blir noko heilt anna når det hender. Bibelen er noko anna enn menneskeord og tale frå t.d. politikarar.

.

Dette gjeld både Jesu første kome og når han kjem att. Det hende nøyaktig slik profetane hadde tala då Jesus vart fødd. Til og med fødebyen Betlehem er nemnt. Slik vil det og gå til i den aller siste tida når han kjem att. Det styrkjer trua vår på at andre ord også er nøyaktige og sanne. For me menneske har ofte vanskeleg for å tru.

.

2. Oppstoda var prov på at Jesus var Guds Son med makt.

I Rom. 1, 4 skriv Paulus at Jesus er godtgjort å vera Guds veldige Son ved oppstoda. Han var Guds Son heile tida, men 1. påskedag vart det klårt: Dette er ikkje eit menneske. Han braut lekkjene i døden og er levande!

.

Både tvilarar og fornektarar må sjå det. Jesus er Gud. Det kan ingen bortforklara om dei vil vera sanne.

.

3. Vår frelse og liv.

I Rom. 6, 4 skriv Paulus: Likesom Kristus vart oppreist frå dei døde ved Faderens herlegdom, så skal også me vandra i eit nytt liv. Her er ei anna side ved oppstoda. Ein kristen får så å seia ei åndeleg oppstode. Gud reiser oss opp frå synd og åndeleg død. Ef. 2, 5-6 seier det slik: Gud har gjort oss levande med Kristus. han vekte oss opp og sette oss med han i himmelen i Kristus. Og i v. 10: Me er skapt i Kristus.

.

Me er ikkje lenger i det gamle livet. Det gamle er borte og alt er blitt nytt. 2. Kor. 5, 17. Me er som kristne ein ny skapning. Det kunne me aldri har blitt om Jesus ikkje hadde stått opp frå døden.

.

4. Me skal stå opp.

Jesu oppstode viser og at me skal ein dag fylgja han og reisast opp frå grav og død. 1. Kor. 15, 20-22. Jesus vil ha alle sine med til himmelen. Det har me fått visse for ved at han stod opp. Me tilhøyrer han.

.

Bibelen brukar eit bilete om dette m.a. Me er ein åndeleg lekam der Kristus er hovudet og me er lemmene. Kristus har stått opp frå dei døde. Det hende først. Men er me ein lekam med han, er det klårt at me ein gong skal fylgja han inn i riket hans. Det er vår oppstode. Bibelen reknar ikkje med tid slik me gjer. I Guds time vil det skje.

.

Lat andre seia kva dei vil, me dreg no likevel…. (M. Orheim).

.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar