onsdag 6. januar 2010

302) Mat. 19, 16-22.


Den rike unge mannen.
Mat. 19, 16-22.

.
Den mannen som kom til Jesus denne dagen rett før påske, var både ung og rik. Og framferda hans viser at han var høfleg – slik at Matthew Henry kallar han ein ”gentleman”. Og me finn noko hjå han som liknar så mange seinare.
.
Lukas seier han var rådsherre (kap. 18, 18) og dermed ein leiar i folket. Markus seier han sprang til han og fall på kne – eit sterkt uttrykk for at han var audmjuk og liten i den stunda.
.
1. Han søkte Guds rike.
Mannen var interessert i å få del i det evige livet, v. 16. han lengta etter noko meir i livet enn rikdomen og den gode stillinga han hadde. Det er ikkje alle som vedgår det i dag, men truleg har dei ein diffus tanke om at dei vil ha det godt etter døden. Dette ligg djupt i alle menneske: Det er noko etter dette livet. Det er profetar nok i dag som seier til folket: Livet er alt, etter døden er alt slutt. Men uroa ligg der: Kva om dei tek feil?
.
Då han kom til Jesus, kallar han han for ”Lærar” (i NB omsett med Meister), og i nokre handskrifter står det ”Gode lærar” (TR). Dette er uttrykk for vyrdnad og at han trudde og visste at Jesus hadde noko som dei andre ikkje hadde.
.
Jesus svarar høfleg og avviser han ikkje. På same tid går han til kjelda for jødane si tru: lova. Han tek fram fem av dei ti boda Moses kom med. Men alle desse boda høyrde til den andre tavla, altså om tilhøvet mellom menneska. Grunnen kan vera at mange skriftlærde oversåg eller hadde endra lova ved så mange nye reglar. Den tenkte ikkje på å vera miskunnsame, men var bokstavtrælar i religionen.
.
Det beste med han så langt var at han søkte etter Guds rike som Jesus var komen for.
.
2. Han feila på fleire punkt.
Det er ikkje alle som søkjer Gud som finn han. Mange byrja på dette, men svikta til sist. Kva er grunnen til det? Her har me eit døme på dette.
.
a) Alt i byrjinga måtte Jesus retta på han. Då han sa: Gode lærar, stansa Jesus han og viste at det berre vare ein som var god – det var Gud. Viss Jesus var god, måtte han altså vera Gud. Truleg hadde ikkje mannen tenkt gjennom det.
.
b) Sjølve spørsmålet han var feil. Det viser at han ikkje kjende Guds frelsesveg. Han sa: Kva godt kan eg gjera… Han sat med andre ord fast i lovtrældommen: Eg må gjera noko godt for å nå himmelen. Kor mange tenkjer ikkje nett slik: Det er eg som må prestera noko, få til noko som Gud har behag i.
.
c) Synet hans på lova var feil. For å retta på dette viser Jesus til fem av boda. Og då er ikkje tilhøve til Gud han tenkjer på. Det er dagleglivet hans – korleis er det. Jesus tolkar ikkje boda her, han berre reknar dei opp, v. 18f. Dei handla om mord, hor, tjuveri, folks vitnemål og løgn, om foreldra og om å elska andre. Det var i grunnen ein grei eksamen. Men det siste høyrer ikkje til dei ti boda – og det ville han nok hatt bry med om Jesus hadde gått nærare inn på han.
.
Svaret til mannen viser kor langt på villstrå han var i høve til Guds vilje. Han sa: Alt dette har eg halde! Han laug nok ikkje. Det var sant. Men han tenkte berre på den ytre meininga med boda. Han hadde ikkje skjøna at Guds bod og vilje var noko meir – at dei sikta til hjarta hans.
.
d) I Luk. 18, 18 finn me endå ein feil ved tanken hans: Han spør etter kva han skal gjera for å arva evig liv. Det var i grunnen eit tankelaust og kanskje dumt spørsmål. Kven kan gjera noko for å arva? Arv er noko me får ufortent og gratis – rett og slett av nåde – frå den familien me er fødde inn i.
.
e) Den femte feilen han gjorde kom nå: Han spurde sjølv kva som mangla han når boda var oppfylte etter hans meining. Det galdt rikdommen hans. Jesus visste at han var bunden til mammon, sjølv om han hadde halde boda. Han hadde ikkje stole noko av det, rikdommen var hans på ærleg vis, kanskje som arv.
.
Og nå seier Jesus: Det som manglar, er at du sel alt du har og gir det til dei fattige, v. 21. Kvifor sa han det? Jo, då ville han visa at han elska nesten som seg sjølv. Men mannen viste at han ikkje gjorde det – så det bodet hadde han heller ikkje tenkt gjennom nøye nok. Kjærleik er ikkje berre store ord og erklæringar. Det er offer. Det viste Jesus sjølv då han kom til jord.
.
3. Mannen forlet Jesus.
Kravet var for høgt og offeret for stort, v. 22ff. Han gjekk sorgull bort. Han trudde nok at han skulle få evig liv på ein lett måte, utan at hjarta vart bøygd inn under Guds vilje. Han ville ha nåde – men på eigne vilkår. Og det skjer aldri.
.
Jesus seier nå at det er vanskeleg for ein rik å bli frelst, v. 23. Det er så vanskeleg at det er umogeleg. Ingen kamel kan gå gjennom eit nålauga. Jesus vil med andre ord seia at ingen blir frelst og får Guds rike utan at ein overlet heile hjarta med alt vårt eige i Guds hand. Alt vårt må leggjast av utanfor den tronge porten. Berre då kjem du inn. – Korleis er det med deg som les dette? Er det noko som er så kjært for deg at du må gå bort frå Jesus? Kva er det som kan vega opp frelsa frå gud – når me tenkjer på æva?
.
Ingen ting.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar