torsdag 7. januar 2010

308) Mat. 13, 44-51.



Perla og nota
Mat. 13, 44-51.
.
I dette kapitlet er det fleire likningar Jesus fortel der han samanliknar Guds rike med noko jordisk. Det er klart at ikkje alle detaljar kan då vera like eller vera førebilete på det himmelske. Ofte er det slik at ein eller nokre få sider ved likninga er meint som bilete på Guds rike.
.
Her har me to av likningane – ei perle og ei not. Ein har skjøna den første på to måtar: Perla kan vera Jesus og Guds rike som me ”kjøper”, eller ho kan vera vår sjel som Jesus kjøper. Begge desse tolkingane gir god meining og har noko for seg.
.
Me skal berre ta med nokre hovudpunkt her:
.
1. Perla var skjult, gøymt bort og slike ein løyndom.
Og det er Guds rike for dei fleste. Og for vår fornuft er det i alle høve slik. Me kjenner ikkje Guds rike av oss sjølve eller ved menneskeleg lærdom og kunnskap.
.
Guds rike må openberrast for oss menneske. Det er på grunn av synda.
Mat. 11, 25ff. seier noko om det.
Jesus seier det slik i Luk. 10, 21: Gud har skjult dette for dei vise og forstandige og openberra det for umyndige. Slik hedne det som var til hugnad for Gud. I Mat. 13, 16f seier Jesus at dei er sæle som ser det nye Guds rike.
.
2. Dinest: Det kosta noko å finna perla.
Han leita etter den, og selde alt for å kjøpa perla. Det er sterke ord.
Nå er det slik at me kan ikkje betala noko for å bli frelst. Det er klår bibelsk tale og vitnemål. Synda har teke frå oss alt me hadde, me er fattige åndeleg sett. Og det gjeld alt folket.
.
Og me får frelsa gratis, utan noko i vederlag. Jesus har kjøpt oss alt. Men det er og slik at det kostar noko å bli ein kristen. Det er truleg ingen eller svært få som har ei anna oppleving. Det skuldast den tronge porten. Der la me av alt saman utanfor og kom ribba for gode gjerningar og anna med trudde me hadde. Det ligg noko her som me ikkje må gløyma i talen om den fulle nåde.
.
I Ef. 2, 8 skriv Paulus: Av nåde er de frelste ved tru, og det ikkje av dykk sjølve, det er ei gåve frå Gud. Alle kristne veit det og har opplevd det i møte med Gud. Problemet er berre at så lenge me lever utanfor Guds rike, trur me at me har ganske bra med gode gjerningar, ein kapital rett og slett. For somme kostar det svært mykje å erkjenna at ingen ting er brukbart for Gud.
.
3. Ein dag blir det eit skilje.
Guds englar skal sørgja for det. Alle slags folk blir samla inn i kyrkja her på jord. Der finst både rette og falske kristne på jord. Det viser og likninga i v. 24ff. Når enden på verda kjem, skal englane skilja ut dei dårlege og vonde fiskane, står det, og kasta dei i eldomnen. Det er sterke ord, og det er ikkje underleg at Jesus spør læresveinane: Skjønar de dette? Og dei svarar med frimot ja.
.
Men skal tru om alle i vår tid har sett inn i dette alvoret som ventar folket? Kom i dag og vend om til Gud og ta imot den nåde som enn er for syndarar. Då blir du frelst. 
.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar