torsdag 7. januar 2010

307) Mat. 14, 22-33.


Eit under.
Mat 14, 22-33.


Det er eit levande bilete me møter her, om noko uvant. Jesus gjorde eit av sine mange under og viser seg som Herre over natura. Først ser me:
.
A. Noko om Jesus.
1) Han let folket fara, v. 22. Han nøydde læresveinane til å dra. Reint menneskeleg var det blitt seint, og dei måtte koma heim før det vart mørkt. Og i Johs 6, 15 ser me at folk ville ta han til konge. Dei var begeistra og oppglødde ved underet han hadde gjort då han metta dei fem tusen. Israels folk ynskte på denne tida ein jordisk Messias og konge som kunne fria dei frå Romarriket.
.
Jesus var ikkje komen for det. hans rike var åndeleg ved at Guds Ande tok bustad i menneska og leia dei på Guds vegar. Jesus ville for alt han kunne unngå all politisk innblanding i landet. Det var ikkje hans oppgåve.
.
Luther hadde ei god lære her når han tala om dei to regimenta: Det åndelege som hadde med sjela og frelsa å gjera, og det verdslege regimente som tok seg av dei jordiske tilhøva. Me skal ikkje blanda dei saman som det har vore tendensar til.
.
2) Jesus gjekk åleine i bøn, v. 23.
Jesus brukte mykje tid i bøn, både åleine og saman med andre. Me møter han slik morgon og kveld og om natta, i Getsemane og på fjellet. Og det er tider da det er godt å vera åleine og tala ut med Jesus. Då treng me ikkje tilhøyrarar. Då er det eg og Jesus saman. Kva bad Jesus om?
.
a) For seg sjølv. Han var menneske og trong hjelp. Det ser me i Getsemane, Luk. 22, 42: Lat denne kalk gå forbi meg om det var råd, sa han i ei tung stund. Men alltid dette: Ikkje som eg vil, berre som du.
.
b) Han bad for Peter, Luk. 22, 31f: at trua di ikkje må svikta. Han hadde altså omsut for den feilande. Det kan gå galt for den beste her på jord.
.
c) Han bad for bødlane, Luk. 22, 34. Han bad sjølv for fienden, slik han formante oss, Mat. 5, 44: Elsk, dei, velsign dei, gjer vel og bed for dei.
.
d) Nå ber han for oss, Hebr. 7, 25. Alle truande er på hans bøneliste. Jesus vil ha oss heim.
.
3) Jesus hjelper i naud.
På sjøen var læresveinane overletne til seg sjølve – menneskeleg sett og tilsynelatande. Men det var eit auga som såg og vakte over dei!
.
Stormen kom, og det kan skje plutseleg på Genesaretsjøen. Det kan vera den visse død, dei var midt ute der. Mark. 6, 47. Dei var åleine på livets hav og kunne ingen ting gjera. Vinden var imot, slik det ofte er for Guds folk.
.
Dei var lenge i kamp, heile natta. Dei var nok fylte av tvil og uro og indre kamp: Korleis skal dette gå? Som kristne må me og rekna med storm- i sjukdom, død, anfekting og mistyding i livet. Job tapte alt, slik mange må stå ved ei for tidleg grav etter vårt syn. Vår natur vil ha medvind, men Gud seg kva me treng.
.
Då! Jesus kom, v, 25. Den fjerde nattevakta var mørkast og tyngst. Nå hende eit under. Men dei vart redde det óg. Då talte han til dei, og dei kjende røysta hans. ”Han lutrer nok sine i ildprøvens luer, men aldri forglemmer han noen av dem.”
.
Ver ikkje redde, sa han nå, v. 27.
Alle burde ottast Gud på rette måte. Men der Jesus går føre og viser veg, treng me ikkje det. ”Hjelp meg, o kjæreste Jesus, å vinne, ofte jeg strider med skrøpelig makt”, syng me med rette.
.
4) Han tok seg særleg av Peter.
a) Peter ville møta Jesus før dei andre og gå på sjøen slik Jesus gjorde. Nå ottast han visst ingen ting. Han var ofte impulsiv, aktiv og pågåande. Han gjekk i tru, på Jesus ord. Og slike kristne treng me fleire av. Mange er altfor reserverte og tvilande.
.
b) Men han såg ikkje berre på Jesus. Han såg på det opprørte havet, v. 30. Det var eit vanskeleg hav og ver. Det var rett og slett umenneskeleg å klara det. Og Peter sokk. Alt det som var ikring han tok Jesus sin plass, og det gjekk galt.
.
Kor ofte er ikkje me opptekne med vanskane, suter og problem, og ser ikkje Guds allmakt. Den sterkaste er jo med oss, ikkje i verda.
.
c) Peter ropte om hjelp, v. 30. Han visste at det var løysinga. Og då var straks Jesu hand der. Den var ikkje for kort til å frelsa, Jes. 59, 1. Og den hadde kraft til å berga han. Det gjeld både sjela og æva, og det timelege liv med sjukdom og naud. Det kan skje under i dag og. Jesus vil stiga inn i båten din.
.
Slik ser me at Guds ord seier det. Jesus er Guds Son, og der har me røynt mange gonger i livet. – Seinare fekk Peter ei spesiell helsing frå Jesus, Mark. 16, 7. Det var eit grovare fall av Peter, men Jesus var den same heile tida.
.
Eg gjekk forbi ein lekepark ein dag der nokre småungar leika seg i sanden. Då stansa eg ein augneblink og ropte til ein unge: Hei! Det blei så stille. Då eg gjekk bortover vegen, sa dette barnet til dei andre: Han sa Hei til meg og! – Og nå får du ei spesiell helsing frå Jesus. Kom til han og legg livet i hans hender. Då er han hjå deg.
.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar