mandag 11. januar 2010

312) Mat. 10, 28-31.


Frykt.
Mat. 10, 28-31.
.
Samanhangen her er at Jesus sender ut 12 læresveinar. Dei skal vera misjonærar. Men dei skal ikkje reisa utalands eller langt bort. Nå skal dei gå til dei tapte sauene av Israel, v. 6. Dette verset viser at det var jødar som ikkje hadde det rett med Gud på Jesu tid. Nå fekk dei eit høve til å koma til Messias.
.
Det er og ein fåre at me gløymer lett dei som er nær oss. Ikkje alle i landet vårt er frelste – og kanskje ikkje alle av dine slektningar og naboar heller? Det er bra at dei fører eit fint moralsk liv. Her er likevel ikkje det hovudsaka. Men er dei frelste?
.
Er folket vårt reide til å møta Gud i domen? Me kristne skal vitna for dei om det. Det skjer både ved ord og ved liv. Me skal alltid fortelja om den rette vegen til himmelen. For det er berre ein veg. Då blir det ikkje lett. Det kan bli kamp og strid. Det talar denne teksta om. Og eg trur det er tre slags otte eller frykt.
.
1. Frykt for menneske, v. 28a.
Dei kan gjera oss mykje vondt, drepa og skada lekamen. Dei kan sladra og tala stygt om oss. Mange kristne lir mykje. Nokre på lekamen, andre i ånda. Det siste kan vera svært vondt.
.
Likevel har verda ei avgrensa makt. Gud set grenser og seier: Så langt, og ikkje lenger. For Han er størst! Difor kan me trygt overlata alt til Gud. Det er noko menneska og satan ikkje kan røra: sjela og vårt tilhøve til Gud. Der er me i eit heilagt rom saman med Den heilage. Der er me trygge – om me ikkje opnar døra for verda.
.
2. Frykt for Gud, v. 28b.
Hann har all makt. Han er skapar og herre over liv og død. Han kan øydeleggja sjel og lekam i helvete. Det er sterke ord, men det er Gud sin ord.
.
Då kan me gjera som Daniel kap. 6. Han var i løvehola, og med han var ei lysande engel. Det var nok Jesus sjølv som steig ned mellom løvene og lukka munnen deira. – Daniel ville heller døy enn å svikta sin Gud. Då såg alle: Gud var med Daniel og fria han ut frå trengsla. Slik skal me få leva.
.
Å frykta Gud rett er å ikkje gjera Gud imot, men fylgja ordet hans. Otte for Herren er byrjinga til visdom, står det. Ordt. 9, 10. Det er å gi seg over til Gud, la han styra livet. Det tyder å venda om og venda seg til Jesus. Han er Guds utsending. Difor seier me til alle: Kom til Jesus – og fylg han. Luther seier i forklaringa til boda: Vi skal ottast og elska Gud…
.
3. Utan frykt.
I fylgje med Jesus ser me at me treeng eigentleg ikkje å frykta. Me ser at Gud har omsut for sine, v. 29. Du er verdfull for Gud når du er i Jesus. Du er hans skapning og kjøpte eigedom. Hans meisterverk, det største han skapte.
.
Og då er Gud på vår sida. Paulus kan skriva så sant: Er Gud for oss, kven er då imot oss? Rom. 8, 31. Gud har store tankar for sine. Me er meir verde enn mange sporvar. Det er ei svak samanlikning, men var naturleg der og då ute i det fri.
.
David brukar eit anna bilete: Herren min hyrde.  Salme 23. Sjølv i dødsskuggedalen er han med. Og Jesus sa då han sende ut læresveinane til slutt: Eg er med dykk alle dagar, Mat. 28, 20.
.
Dei same frimodige tankane finn me i Det gamle Testamentet: Gløymer vel ei kvinne sitt diebarn … sjå i begge hendene mine har eg teikna deg. Jes. 49, 14-16. Me har ein god Gud. Mange kjenner han ikkje, og difor mistyder dei han. Og mange går fortapt at av di dei er ukjende med frelsa hans. For heidningane går i stadig frykt for sine gudar.
.
Den seinare biskop Sigurd Lunde skreiv i unge år: Gå inn i rekken, gå inn i kampen nå …
Det er kallet i dag også. Han ber kvar einskild av oss om å ta imot evangeliet – og dela det med andre. Amen.
.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar