tirsdag 5. januar 2010

300) Mat. 21, 1-9.


Jesus er konge.
Mat 21, 1-9:
.
Her les me om Jesu inntog i Jerusalem på Palmesøndag. Han brukte eit esel som ridedyr. Då vart han hylla, med palmegreiner som ein konge på den tida. Folket ropte: Hosianna, som ei hylling og ei bøn til kongen. Det tyder: Hjelp! Frels!
.
Eit profetord vart då oppfylt, v. 4-5. Sakarias 9, 9 talar om ein konge som skal koma, og det vart oppfylt på Jesus. Han er Messias, Frelsarkongen frå Gud. Han er både konge og frelsar frå synd. Dette viser at Bibelen er nøyaktig i profetien. Eselet er uttrykk for kor liten og ringe han var. Kva slags konge ville ri på eit slikt dyr? Dei brukte hestar. Her ser me fleire sider ved Jesus:
.
1. Jesus vart fødd i Betlehem.
Og han kom i rett tid, ”i tidens fylde”; Gal. 4, 4. Då låg alt til rette for at Gud skulle gripa inn på denne måten. Han hadde gjort det på andre måtar før i GT. Og hendinga var til og med førebudd i heidningland ved vismennene. Dei kom og spurde: Kor er jødekongen som nå er fødd? Mat. 4, 4. Difor vart Herodes redd – barnet kunne vera farleg!
.
Staden var Betlehem. Han kom til verda i eit uthus, ein stall og ikkje eit slott. Og det viser at han vfar eit lite og ringe barn her i verda. Det såg fattigsleg ut, og det særleg med tanke på at jødane på hans tid venta ein politisk herskar som skulle fria dei frå romarane.
.
Men:
.
”Det lille barn i Betlehem, han var ein konge stor,
som kom frå himmelen lyse slott, ned til vår arme jord.”
.
Mange har forakta han av denne grunn. Jesus var ikkje slik me tenkte han skulle vore. Men Jesus var ein hjartekonge som både vil gje oss eit nytt hjarta og å styra livet vårt.
.
2. Jesus kjem som konge til oss.
Han lovar oss ikkje ytre prakt og rikdom når me vert kristne. Jesus sa til farisearane ein gong dei spurde om kva tid Guds rike skulle koma: ”Guds rike kjem ikkje på den måten at ein kan sjå det med augo… Guds rike er inni dykk” (Luk. 17, 20-21). Og hjå Pilatus sa han: ”Mitt rike er ikkje av denne verda… Til det er eg komen til verda, at eg skal vitna for sanninga” (Johs 18, 36.37).
.
Då Jesus byrja å tala offentleg, sa han at Guds rike var kome nær (Mat. 4, 17). Guds rike var altså Jesus – då han kom, var riket der. Det er når me tek imot han, at me får del i dette Riket, jfr. Johs 1, 12.
.
Jesus vil med andre ord inn i hjarta og omskapa oss innanfrå. Det hende då me vart frelste. Då flytte Jesus inn. Og det held han på med i kvar einskild nå. Det er ei side ved helginga. Kristendomen er slik at ”ved trua reinsa han hjarto deira” (Apg. 15, 9. Og nå vil han leva i oss. Jfr. Rom. 14, 9. (Elles er ordet om helging så stort, at me kan ikkje ta opp alt her.)
.
3. Misjonen høyrer med her.
Folkeslaga kjenner ikkje frelsa av di dei ikkje kjenner Jesus. Difor må me forkynna Jesus Kristus for folket. Dei som tek imot han kor dei så bur, får Jesus som konge i hjarta. Eit nytt liv tek til, og det vil merkast på den staden dei bur. For Jesus er konge.
.
I v. 3 seier Jesus til læresveinane: Når dei finn eselet, skal dei seia: ”Herren har bruk for dei.” Slik er det med oss alle. Kven andre kan han bruka, enn sine eigne læresveinar?
.
Så gjeld misjonsbodet framleis. Han sa me skulle gå ut i heile verda. Alle folk må få høyra det, for alle er skapte av Gud og elska av han. Kristus døydde for alle. Guds eige kongerike skal nå ut over heile verda. Det skjer heller ikkje politisk, men ved å ta imot evangeliet.
.
4. Jesus kjem att.
 Då kjem det endelege Gudsriket på jord. Og me ventar på det nå. Eit par ting  skal me minna om her:
.
a) Jesus kjem ned i lufthimmelen og kallar alle sin til seg. Det var dei som hadde Jesus som konge i hjarta. Dei døde som trudde på Han vert med saman med alle dei som er på jorda på den tida. Men berre dei vert henta opp til himmelen. Det stor spørsmålet då er om me er rede?
.
b) Så opprettar han sitt fredsrike på jorda, då djevelen skal verta bunden for tusen år, Åp. 20, 2ff. Då skjer det som Åp. 19, 16 seier: Jesus er konge over kongar og herre over herrar. Me veit ikkje mykje om korleis det blir på jorda i denne tida. Men Jesus skal styra – og då må det bli godt.
.
Då skal Lammet sigra over alle fiendar for godt, Åp. 17, 14. Og etter det kjem herlegdomen og æva på jord. Då er det berre eit spørsmål som står att: Kor skal du vera då? Ennå i dag er porten til himmelen open, og du kan koma inn. Frelsa er av nåde, gratis for Jesu skuld. Kom medan det er nådetid! Amen.
.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar