torsdag 7. januar 2010

309) Mat. 12, 40.



Jonasteiknet.
Mat. 12, 40.
.
Her viser Jesus til profeten Jonas og brukar noko av det om seg sjølv. Då tenkjer han på si eiga oppstode. Det blir Jonasteiknet.
.
Soga om Jonas kjenner me. Han fekk bod av Gud om å gå til den ugudelege byen Ninive. Og det var ei lang reis. Men det var ikkje sjølve reisa han grua for, det var forkynninga om dommen han skulle bera fram.
.
Difor rømde han med eit skip som skulle gå vestover Middelhavet. Då kom det uver medan Jonas la seg til å sova i botn av båten. Sjøfolka trudde at ein om bord var skuld i ulukka som heldt på å råma dei. Difor vart også Jonas kalla fram på dekk, og dei kasta lodd om kven som var skuldig. Og loddet fall på Jonas.
.
Dermed var saka klar: Jonas vart kasta i havet og då la stormen seg. Her i havet vart mannen slukt av ein stor fisk og var i magen hans i 3 døger før fisken spydde han ut og Jonas hamna på stranda att.
.
Skrifta brukar då dette som teikn eller bilete på Jesu oppstode. For oppstoda var ETTER Skriftene, seier 1. Kor. 15, 5. Her er ein av dei stadene som viser det. Elles er det sagt også i Salme 16 t.d.
.
Ei viktig side ved dette er at Gud stod bak. I v. 1 i Jonas 2 heiter det: Herren let… Og det som hende var eit stort under, uforklarleg men verkeleg. Og slik er oppstoda.
.
På pinsedag seier Peter i Apg. 2, 24: Gud reiste han opp, ved at han løyste dødens veer. Her ser me igjen: Det var Gud som stod bak. Han gjorde underet – det ingen andre makta.
.
Og resultatet? Folka i skipet var berga ved det – og folka i Ninive fekk høyra om Gud. Heidningar vart altså frelste ved at Jonas gjekk i ”døden”. Sjølv vart han også berga. Alt dette er klåre ord om oppstoda. Utan den var ingen frelst, skriv Paulus i 1. Kor. 15.
.
Jesu oppstode er vår von og Gud viste Jesus fram som sin veldige Son. Rom. 1, 4. På same tid vert det eit prov på at Jesus var Gud og hadde dermed all makt. Apg. 17, 31. Ein slik Frelsar er det me har.
.
- Sjå også Jonas kap. 2.
.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar