lørdag 2. januar 2010

293) Mat. 27, 22.

Kva med Jesus?

Mat. 27, 22.

.

Dette er historia sitt største drama – og det er ikkje slutt på jorda før 1. påskedag. Men her er det berre ein liten del av det som skjer.

.

Pilatus har ei vanskeleg oppgåve: Kva skal eg gjera med Jesus? seier han. Og her er fleire ting som gjer det vanskeleg for han å velja. Og ved store avgjerder i livet er det ofte slik. Først kjem nok samvitet hans i vegen. Kan det vera rett å døma ein slik mann? Og dinest kjem vitet hans, fornuften. Han er overtydd om at Jesus skulle vore fri. Eg finn inga skuld hjå han – det tonar i hjarta hans.

.

Og så kjem kona hans inn på arenaen. Ho hadde hatt ein draum. Det er som om Gud prøver alle måtar for å visa han kven Jesus var. Då brukar han nokre gonger draum. Og midt i alt er sikkert Guds eigen Ande. han var nok heidning, men her gjaldt det Guds store sak og hans eigen Son. Han står så nær Jesus denne dagen – og då talar Anden! Og det står ingen stad at Pilatus skulle ta dette ansvaret.

.

Fiendane hans hadde eit sterkt våpen mot han: Gir du denne mannen fri, er du ikkje lenger ven med keisaren. Og otte for andre menneske har alltid vore ei enorm kraft og makt i sinnet. Mange kan ikkje stå imot den.

.

Pilatus fall. Han valde menneske i staden for Gud. Då hjelpte det lite å vaska hendene. Han var skyldig. Og vitna kom att og tek opp att klagen. Og dei kjem til oss mange gonger og vil knusa oss.

.

Kva skal eg gjera med Jesus? Det er eit hovudspørsmål i livet. Og du har fleire vegar å gå, eller fleire alternativ.

.

1) Nøytral.

Er det mogeleg? Mange prøver og tenkjer det skal nok gå. Jesus sa: Anten er du med eller mot. Han vil ha deg ikkje dine gaver. Dei er kanskje bra nok for menneske, men dei kan aldri erstatta frelsa. Mange prøver å ha ein fot i verda og ein hjå Gud. Det vil aldri halda. Du må ta eit personleg val.

.

Tollaren og farisearen i tempel er døme. Den eine såg på gjerningane sine – det var valet hans. Og det gjekk ikkje bra. Den andre såg berre si synd, og då hadde han ikkje anna von enn å ropa til Gud. Det er hjarta det kjem an på. Ikkje det ytre livet.

.

2) Du dømer Jesus.

Du kan slå lag med Pilatus og vera med i hylekoret og døma Frelsaren. Det kan sjå realt ut, og det er på ein måte eit klårt standpunkt. Men du er med og slepp Barabas fri. Og til slutt blir Kristus den sterkaste både for deg og Barabas. Han vinn siger. Tråden ovanfrå blir du ikkje fri. Klipper du den av, fell du i fortapinga.

.

3) Jesu fridom.

Slepp du Jesus til i livet blir det til fridom for deg. Fylg meg, sa Jesus til læresveinane. Det er då du finn livet. Paulus skriv slik: For meg er livet Kristus, og døden ei vinning. O Paulus vitnar: Eg har stridd den gode striden.

.

Ved brannen i Chicago i 1871 hende noko. Evangelisten Moody talte over dette ordet søndagen før. Til slutt i møtet sa han: Kom att neste søndag, skal eg seia deg kva du skal gjera med Jesus. Den natta brann byen og ei mengd med folk gjekk med. Også nokre av dei som hadde høyrt Moody seia: Neste søndag får du vita det. Det kom ingen neste søndag for dei.

.

Det vart til lærdom for Moody. Då sa han: Nå sluttar eg aldri eit møte utan å seia: Du må koma nå, i dag. Du veit ikkje om det får ein ny dag.

.

Det skal me seia nå til kvar og ein: Kom nå, bøy deg for Jesus!

*

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar