torsdag 7. januar 2010

310) Mat. 11, 20-24.



Dom over vantruande.
Mat. 11,  20-24.
.
1. Jesus gjorde under og talte evangeliet. Ikkje berre ein gong eller nokre få stader. Han var stadig i aktivitet over heile Israel. Men nokre stader var han ekstra mykje og gjorde flest under og teikn. Men folket sa likevel nei.  Nå hadde han nett tala om døyparen Johannes. Han var ein vegryddar, v. 10. Han kalla folk til omvending. Men folket var så fastgrodd i si synd at dei såg ikkje kor viktig og alvorleg det var. Dei ville ikkje og dei forstod ikkje.
.
2. Då samanlikna han dei med heidningane: Sodoma og Gomorra og Tyros og Sidon. Og han sa rett ut: Israel er verre enn dei! Israel skal få ein tyngre dom enn heidningane, fordi deiville ha omvendt seg om Jesus hadde kome dit. Det kom englar til Sodoma, men dei omvende seg ikkje. Hadde Jesus kome, ville det blitt vekkjing, sa han.
.
3. I domen vil det bli forskjell, det lærer dette ordet oss. Og då vil det bli strengare for byen Kapernaum enn for Sodoma. Og i Kapernaum hadde Jesus vore mest og budd som vaksen. Er ikkje det urettferdig? Jo, frå vår synsstad ser det slik ut. For me reknar matematisk. Men ikkje frå himmelen. Der ser alt annleis ut. Der ser dei det rette ut frå evighetens perspektiv.
 .
 Kva med Norge nå - og i denne bygda? Og kva med Kina og deler av Afrika? Kven har hatt mest forkynning av Guds ord og kanskje klårast forkynning?
.
  Me vil sikkert få ein strengare dom. Gud vil vurdera det norske folk annleis i domen enn mange andre nasjonar. Ut frå Guds ord skal det bli ein slik skilnad.
.
4. Kvifor vert det slik? Svaret er enkelt: me har så mange bedehus og kyrkjer, me har hatt så mykje god forkynning trass i mykje svakt. Og difor fekk vårt folk så mange rike anledningar til å bli frelst. Her gjeld ordet i Luk. 12, 48: av den som har fått mykje, ventar ein mykje.
 .
 a) Den ufrelste nordmann har hatt rike anledningar til å bli omvendt. Du vassar i Guds ord. Du kan lesa det fritt, høyra i radio - ikkje minst er det klår forkynning på ein del nærradiosendingar nå. Og her er ei mengd møter. Ingen skal skulda på at dei ikkje hadde høve til å høyra og ta imot. Det er som med Jesabel, ho fekk tid til å venda om, Åp. 2, 21.
.
  b) Og me kristne - i namnet? Korleis har me nytta Guds ord. Lever me etter ordet og lar Jesus vere Herre? Eg ottast at mange er namnkristne i vår tid. Når Kapernaum kunne vere slik dei var, er me eigentleg betre?
  Her er mykje sladder og baksnakk, småligheter og æresykje. Her er ting mellom kristne som ikkje tåler Guds lys. Me tek det ganske enkelt ikkje nøye nok med Guds ord. I Kol. 3, 5f les me: Så lat då det jordiske i dykk døy, utukt, ureinskap, lidenskap, vond lyst og pengegriskhet, som ikkje er anna enn avgudsdyrking. Men no må de leggja av alt dette: sinne, ilske, vondskap, spott og skammeleg snakk. Lyg ikkje for kvarandre.
.
  Dette og mykje meir kan ikkje sameinast med Guds ord og hans rike. Me blir lett kristne i teorien og blir lik Laodikea: du er lunken. Det er noko av det fårlegaste ein kristen kan bli. For då er du nøgd med livet slik det er. Du har alt rett i teorien, men erfarer ikkje evangeliet. Det blir så upersonleg. Du har tapt det ydmyke og fattige sinn. I Guds rike er berre fattigfolk.
  Det blir ein tung dom over dei lunkne.
.
5. Vegen ut - kva er den? v. 28: kom. v. 29: ta på hans åk.
Det tyder ei bibelsk omvending slik døyparen Joh. hadde forkynt, Mat. 3,2 og 8. Ber frukt som svarar til omvendinga, sa han. Og det var Guds kall til Israel, det var ennå tid til å koma.
 .
 Ei bibelsk omvending er utan fusk og lureri og bortforklaring av synda. Me kan ikkje skulda på andre eller miljøet eller arv. Jesu ord i Joh. 8, 32.36 gjeld her: De skal kjenna sanninga og sanninga skal gjera dykk frie. Får Sonen gjort dykk frie, vert de retteleg frie. Det same seier David i Salme 32, 2: utan svik i si ånd. Å fara med svik er å lura unna noko, ikkje ta alt fram i lyset. Og då vert du aldri fri i hjarta. Berre den oppriktige opplever Guds frelse. Et lys går opp i mørke for den oppriktige, Salme 112, 4. Og til Laodikea kom bodet: kjøp salve for augo dine. Det er Den heilage Ande som viser oss korleis me er og kva me treng.
.
  Men ikkje alle ser dette. Det er skjult for dei vise og forstand­ige, v. 25. Verden og det verdslege sinn kan aldri fatta at det er nødvendig å bli liten og fattig for å bli frelst.  Men du må bøya deg for korset i ydmykhet for å bli fri i domen.  v. 26: slik meinte Gud det var rett.
.
  Å læra Jesus å kjenna er å bekjenna si synd utan atterhald.  Då gir han si kvile. Det er full tilgjeving i Jesu blod. For då skjer det som står i 1. Joh. 1, 7: dersom me ferdast i lyset, har me samfunn med kvarandre og blodet rensar.
.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar